.
.
Så, greia er den at ... mitt navn er Ann Helen. I snart sytten år har eg fått kake ein dag i november, og ete den ilag med fire flotte menneske som betyr meir enn noko anna for meg. Eg strekke meg akkurat like langt over bakken som tre av mine bestevennar, og er eit kvart hovud lågare enn den fjerde. Barndomstida mi har eg tilbragt i verdens beste bygd på størrelse med Hundremeterskogen, som til tider kan vere eit monster uten like. For all del, dei (snart) sytten kakene, dei tre vennane og meg, Hudremeterskogen - har gjort meg til den eg er. Og det er eg jo litt glad for, om ikkje anna.
.
.
Eg har fleire tankar i hovudet enn det er plass til der, og prøver derfor så godt eg kan å få dei ned ein plass. Litt fordi eg syns det er fint å kunne sjå tilbake og sjå at eg hadde det verre den dagen enn eg har idag - men meir fordi eg rett og slett elskar å skrive. Sidan eg begynte å blogge som eit lite nurk, har bloggen min forandra seg ein god del. Målet har gått frå å få mest mogeleg lesarar, til å få sett ord på meiningane og tankane mine.
.
.
Eg har opp igjennom fått høyre at eg har eit talent innan skriving. Det har eg tatt til meg og vore glad for, seinare skubba det frå meg og tvilt på det. Likevel har eg berre fortsett. Bra eller ikkje, så har det her liksom blitt ein del av det korte livet mitt. Innimellom får det meg gjennom kvardagen, sjølv om eg ikkje bloggar kvardag. Å sjå tilbake på den forferdelege dagen, eller dei gode minna, er det som lyser opp alt, uansett kor mørkt det ser ut.


0 kommentarer:
Legg inn en kommentar
SHOUT IT!