Viser innlegg med etiketten thoughts. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten thoughts. Vis alle innlegg

15.01.2012

THAT'S HOW IT'S SUPPOSED TO BE

... LIVING YOUNG AND WILD AND FREE


Så, eg har absolutt ikkje peiling - men viss verden skal gå under, skal eg gå under med god samvittighet. Det her året skal eg finne ut kva eg vil, kor eg skal og kven eg vil vere. Eg skal ta meg tid til å sei ja, og lære meg å sei nei. Eg skal sei ting som dei er, og vere ærleg sjølv om det betyr at det kanskje gjer vondt der og då. Eg skal bestemme kva eg vil, og gi litt meir faen i kva folk meiner og seier. Eg skal ta meg friheta til å lære av mine eigne feil, sjølv om det betyr at eg kjem til å faceplante med skrubbsår og vondt gang på gang. Eg skal ta vare på dei eg er glad i og som er glad i meg, og eg skal droppe dei som drar meg ned. Eg skal trakke mine eigne fotspor sjølv om det er speilblank is, djup og våt snø eller storm som møter meg. Det betyr med andre ord at eg har ein sjuk jobb foran meg, og at eg skal utnytte og yte og nyte kvart einaste sekund av kvar dag, veke og månad som går. Og veit du? Eg er så gira. Eg ser verkeleg fram til å gå på trynet og gjere feil, for tjuetolv er mitt år uansett kor fett eller fail det blir!


Soundtrack: Snoop Dogg & Wiz Khalifa ft. Bruno Mars - Wild, Young & Free

05.11.2011

WHEN WE WERE YOUNG AND RECKLESS ...

... DUMB AND FEARLESS


Shit. "Au revoir, Mars" blei au revoir til mai, juni, juli. August og september, til og med oktober. Og no er det november. På tide no?

The Summer Set - When We Were Young

19.05.2011

LOVE IS LIKE A PAPER AIRPLANE

... FLYIN' IN THE FOLDED DENT, FLYIN' HIGH, DIPPIN' LOW

photo // priv


Soundtrack: Alison Krauss - Paper Airplane (spotify)

31.03.2011

FORCING LAUGHTER, FAKING SMILES

... SAME OLD TIRED, LONELY PLACE, WALLS OF INSINCERITY

photo_priv

Alt tar litt lenger tid no. Og sånn har det eigentleg vore lenge. Det tok lang tid å innsjå at det tar lengre tid. Det tar lang tid å sove. Det tar lang tid å fokusere. Det tar så vanvittig lang tid å tenke. Det å finne ut av ting, konsentrere seg og bestemme noko, det er eit livsprosjekt. Utruleg vanskeleg. Å finne eit svar. Ja. Nei. Joda. Neida. Joda ... Det er vanskelegare òg. Alle spørsmåla. Alt er veldig vanskelig. Ting forandrar seg over tid. Det tar berre tid å innsjå det. For tid er alt. Alt. Absolutt alt. Må berre bruke det rett tydeligvis. Då burde det ikkje vere så vanskeleg då. Men det tar lang tid å innsjå det. Så har ein plutseleg veldig lite tid igjen.

Au revoir, Mars.


Soundtrack: Taylor Swift - Enchanted (spotify)

03.12.2010

IT'S NOT WHAT I DIDN'T FEEL

... IT'S WHAT I DIDN'T SHOW
.
Det var stille og hav ... Stillehav. Stille. Hav. Stille hav. Sola skein og livet var liksom flott. Plutseleg var det storm i glaset. Storm i glaset liksom. Går det an? Uflaks. Så blei ein plutseleg forvandla til ein orkan i tillegg. Snurrar og gjer alt verre enn det var. Sånn at ein ikkje veit om babord eller styrbord. Ikkje kor høge bølgene er. Ikkje kva veg stormen bles eller går. Slik at all kunnskap blir i uvisse. Sjølvsagt var leikebåten lekk òg. Då var det vel innsett at det var dømt. Stormen strømma inn i båten. Det var ikkje lenger berre storm i glas. Det var storm i båt. Det var storm og orkan i båt samtidig. Bølgene vart høgare over båten. Båten blei iallefall lågare under bølgene. Det var visst storm heilt i botnen òg. Orkan var der også. Leikebåt tåler ikkje så mykje. Storm og orkan blei stille. Ikkje lenger stille og hav. Død og hav. Død. Hav. Døde hav.
.
Så kom salt hav rennande frå auga.
.
.
Soundtrack: Maroon 5 - Misery

29.10.2010

I GIVE UP, I GIVE IN, I LET GO, LETS BEGIN

... 'CAUSE NO MATTER WHAT I DO, OH, I JUST CAN'T GET ENOUGH
.
photo // priv
- til Ida-Marie
.
Det har kanskje tatt altfor lang tid. Det tar litt tid kanskje. Det tar litt tid å få tenkt. Få gjort seg opp ei meinig. Og det tar tid å tenke meir. Men det som tar mest tid er å bestemme seg. Det tar lenger tid. Har ikkje fått nok tid endå. Tid er så altfor vesentleg. Tankar er så vesentleg. Og meiningar, fleire tankar og avgjerelsar. Det er tusen ting som må stemme. Endå fleire som bør gjerast først. Det aller viktigaste er vel å gløyme alt. Berre gå ifrå problema og la dei løyse seg sjølv. Eller? Gå ifrå spørsmåla og sjå om svara kjem av seg sjølv. Eller? Det einaste eg veit er at tid er vesentleg. Eller? Eg veit ikkje. Om tid er vesentleg, problem løyser seg sjølv eller svar kjem av seg sjølv - veit eg ikkje. Men eg treng meir tid. Tid er vesentleg for meg. Tankar er vesentleg for meg. Meiningar, meir tankar og avgjerelsar er vesentleg for meg. Og akkurat derfor tar det kanskje altfor lang tid eller litt tid. Tid tar det iallefall.
.
.
Soundtrack: Colbie Caillat - You Got Me (spotify)

09.10.2010

LISTEN TO WHAT WE'RE NOT SAYING

... LET'S PLAY A DIFFERENT GAME THAN WHAT WE'RE PLAYIN'
.
photo // private
.
Det kjennest ikkje heilt riktig lenger. Det er så mykje som er usagt. Det er så mykje at alt blir feil. Uansett kva. Det er liksom ... ingenting som blir riktig. Det er så mange forskjellige ting på eingong at ingenting vil løyse seg opp. Ting har venta for lenge. Ingen vei tilbake. Det har blitt for mykje, og no har alt stoppa opp. Kanskje derfor det ikkje verkar riktig lenger. Fordi alt har stoppa opp. Kanskje det er alt det som har forblitt usagt. Eller kanskje det berre er sånn? At det ikkje skal kjennest riktig? Eg veit ikkje. Alt eg veit er at det som er no, betyr noko. Når alt går i stå, og ingenting vil fungere, kjenner eg at eg er noko. Og at du er. Og at vi er.
.
.
Soundtrack: Avril Lavigne - Why (spotify)

02.09.2010

WHAT I HAVE NOTICED IS THIS

... I COME UP WITH SOMETHING NEW, EVERY TIME I SIT AND REMINISCE
.
photo // weheartit
.
.
Ho våkna av at tårer rann frå auga hennar. Av smertene i heile kroppen. Ho våkna av at draumane hadde nådd hjartet hennar. At draumane var blitt så mykje meir enn berre draumar. Ho sto opp, i håp om at ho skulle gløyme det slik ho pleidde. Seinare innsåg ho at håp ikkje var hjelp i. Det var berre meiningslaust håp. Det var ikkje berre draumar. Det var minner. Kanskje meir. Kanskje spådommar. Ikkje berre draumar meir. Kanskje noko som venta ho ein gong i framtida. Tårene fulgte ho heile dagen. Draumane fulgte ho. Klarte ikkje halde det igjen lenger. Tårene trilla nedover kinna hennar. Vugga ho i søvn. Tok ho med inn i landet av draumar, minner og hint om framtida. Leika med følelsane hennar før dei vekte ho frå søvnen på same smertefulle måten som dagen før ...
.
.
Soundtrack: Ne-Yo - Part Of The List (spotify)

19.07.2010

I TELL MYSELF I'M IN TOO DEEP

...THEN I FALL A LITTLE FARTHER
.
photo // priv
..
Berre ei lita rørsle i munnvika di kunne lyse opp kvardagen. Kunne forandre perspektivet. Få dei tyngste ting til å bli lettare. Berre tendensar til eit lite smil kunne gjere dagen så mykje betre. Synet av deg kunne få tankane til å forsvinne. Sånn er det fortsatt. Om det ikkje kan bli like bra som før ... så kanskje det kan bli betre. Det er alt det du gjer. Alt du gjer som kan få kven som helst til å heve seg over nedtramping, overkøyring og drittkasting. Alt du kan gjere som kan få ein så liten og svak person til å føle seg sterk igjen. Berre varmen av handa di på skuldra, gjer så utruleg mykje. Du veit det kanskje ikkje sjølv, men ... du er så mykje meir enn berre ein person. Du er så mykje meir. Du er det som held meg oppe, når eg eigentleg er langt nede. Fantastisk.
.
.
Soundtrack: Carrie Underwood - Look At Me (spotify)

09.07.2010

WHY DO I MENTION THE SOLAR SYSTEM?

... 'CAUSE YOU ARE MY SOUL AND SYSTEM
.
.
photo // priv
.
Det er så rart. Så rart at det har så stor betydning. At det faktisk har blitt sånn. Det er så rart med den der følelsen. Det har aldri vore akkurat sånn før. Ikkje akkurat sånn. Fordi det ikkje var deg. Så enkelt er det. Det har ikkje gått så lang tid. Både i det store biletet og det litt mindre som er i tankane mine no. Det er ikkje store tida det er snakk om. Det er vel kanskje sant då; det aller største og beste skjer på mindre enn ein augeblink. Det er ikkje så lenge sidan du kom inn i livet mitt. Og no har du vore lenger vekke, men likevel vore ein stor del av livet mitt. Det er så rart med den følelsen. Så rart at det har så stor betydning. Og det har du. Den rare følelsen òg. Den følelsen eg har når du ikkje er her. Sakn.
.
Soundtrack: Ne-you - Because of You (Kanye West Remix)

11.06.2010

YOU KNOW, THIS AIN'T THE BEST VIEW

... ON THE OUTSIDE LOOKING IN
.
photo // priv
.
Ho klarte ikkje forstå. Kunne ikkje skjønne. Det var for mange tankar i hovudet hennar. Ho kjende skuffelsen i brystet. Gnaga seg innover og ødela ho. Den tynga ho ned. Ho sank lenger og lenger nedover. Ned mot noko ho ikkje visste kva var. Skuffelsen gnaga seg innover mot noko ho ikkje visste om. Eit sinne ho aldri før hadde visst om. Ei frykt ho aldri før hadde sett. Ein følelse ho ikkje ville føle. Skuffelsen tynga ho ned. Ho sank lenger og lenger nedover. Mot noko ho ikkje visste om. Noko ukjent. Ho ville ikkje meir. Kvar einaste gong ho prøvde å forstå - prøvde å skjønne - kjende ho skuffelsen i kroppen. Ho klarde det ikkje. Sinnet tok for mykje plass. Frykta var for stor. Alle følelsane var for mykje for ho. Ho orka ikkje meir. Lot seg sjølv gi opp. Lot seg sjølv stå på utsida. På utsida, med blikket vendt innover. Innover mot så mykje meir.
.
Soundtrack: Taylor Swift - The Outside (spotify)

18.05.2010

ME AND MY HEART, WE GOT ISSUES

... DON'T KNOW IF I SHOULD HATE YOU OR MISS YOU
.
photo // priv
.
Det har ofte berre blitt sånn. Eg veit ikkje kvifor. Eg veit heller ikkje om eg vil vite det. Det har veldig ofte blitt til at alt berre blir eit ork. Før var det jo heilt annleis. Men ting forandrar seg. Det trur eg alle har fått erfare dei siste vekene, iallefall månedane. Tid forandrar seg. Stadar forandrar seg. Til og med folk, som lovde dei aldri skulle forandre seg ... forandrar seg. Det er ikkje noko ein gledar seg til, og det er ikkje kult. Og no, no er det sånn her. Eit slit. Eit tankekaos. Eit tema ein faktisk vil unngå. Kanskje er det løysingane ein faktisk vil unngå. For alle saman veit korleis det kjem til å ende, bør ende. Og alle saman har berre venta på det sidan ... første gongen. Det er det eg hatar mest. Eg hatar å ha feil. Endå meir hatar eg når alle andre har rett. Det går jo ikkje. Det skulle ha vore to hjernar tenkjer betre enn ein. Så sitte eg her med alt. Eit tankekaos uten like. Eit ork. Tema ein har unngått til no. Med alle oppgåver, alle løysingar og ikkje eit einaste riktig svar.
.
Soundtrack: The Saturdays - Issues (spotify)
... DAMN I WISH THAT I COULD RESIST YOU

11.05.2010

I JUST WANT TO SET YOU ON FIRE

... SO I WON'T HAVE TO BURN ALONE
.
photo//priv

Korleis er det å vere heilt aleine, alltid? Av og til, skulle eg gitt alt for å kunne vere aleine. Berre eit par sekund. Av og til er eg skikkelig misunnelig. Så lurer eg på om vi kunne ha vore aleine ilag. Liksom berre vi to. Eg lurer så fælt på korleis du er. Du er aleine. Eg er aleine òg, av og til. Ikkje aleine, men likevel aleine. Forstår du? Aleine med meg sjølv kanskje. Tusen folk rundt meg, men så er eg likevel aleine. Og akkurat trenger eg ein som forstår meg fullt ut. Det trur eg du trenger av og til òg. Tenk om vi kunne ha forstått kvarandre då. Tenk om vi kunne ha vore aleine ilag ... Då hadde vi kanskje ikkje vore aleine lenger.
.
Soundtrack: Rihanna - Fire Bomb (spotify)

06.05.2010

I NEVER WILL FORGET THOSE NIGHTS

... I WONDER IF IT WAS A DREAM, REMEMBER HOW YOU MADE ME CRAZY
.
photo//priv
.
eg gleda meg sånn til da e blitt litt varmare og finare vær, sånn at eg kan gå med solbrille og barbeint, og plutselig finne ut at eg vil reise, og berre reise fordi eg kan , og sitte ute eller med sjøen og snakke og ete is og grille og kose meg med deg heilt til sola går ned og endå lengre og da e sommar og alt er berre fint og berre deg og meg.
.

27.04.2010

HEROES

Soundtrack: Skillet - Hero
.
.
idag er eg superhelt.
.
Heltar kjem i alle mogelege former og fasongar. Store eller små. Smale eller runde. Smarte eller uten særleg intelligens. Ein helt kan ha store føtter, eller barneføtter. Helten min kan vere ein heilt vanleg person, eller kjendisen alle likar. Han eller ho kan ha gjort ein liten ting, som har betydd mykje for deg. Ein helt er ein som utgjer ein forskjell i kvardagen.
.
Akkurat idag, gir eg meg sjølv lov å vere litt helt. Eigentleg burde alle få lov å vere litt helt innimellom. Ikkje få lov, alle er heltar innimellom. Men akkurat idag, idag er eg helt. Endå betre; eg er min eigen helt. Så akkurat idag kan verda redde seg sjølv.

20.04.2010

SECRETS ARE MENT TO BE HIDDEN

Soundtrack: Bob ft. Bruno Mars - Nothin' On You

Eg har ilt i magen. I det eine augeblikket er det sommarfuglar og den herlige kriblinga. I det andre er det eit tomrom og kramper som ødlegger heile skrotten. Eg veit ikkje om det er noko som manglar, eller noko eg bør kvitte meg med. Eg veit ikkje kva eg vil, og kva eg bør la vere å gjere. Av og til føler eg at eg gjere alt eg får sjansen til, sånn at eg ikkje går glipp av noko. Samtidig blir eg sliten, og klarar ikkje holde orden på tankane mine. Eg veit ikkje kva eg skal gjere. Eg er ubesluttsom, fantastisk glad, og utruleg forvirra.

08.04.2010

ME WITHOUT YOU IS ...

Soundtrack: Justin Bieber - Stuck In The Moment
..
.
.
Hei. Eg veit ærlegtalt ikkje kva eg skal sei. Du veit godt at å snakke, det er ikkje mi sterkaste side. Derfor blir det bokstavar, svart på kvitt. Iallefall denne gongen. Og denne gongen skal det bli rett. Ikkje som før. Det skal bli svart på kvitt, som skal bli. Ikkje brennast, slettast eller gløymast.
.
.Eg skal vere grei og sei det. Etter mi meining, er det ikkje eg som skal sei det. Men, du betyr såpass mykje for meg, at eg er villig til å gjere det. Sånn er det alltid. Eg forstår fortsatt ingenting, men meiner du det er meg - skal eg sei det. Fordi ... for deg - skal eg gjere alt. Vi har vore gjennom litt av kvart, både latter, tårer og utallige kranglar. Eg har ikkje brukt halve livet mitt på å le med deg, vere sur på deg, og krangle med deg, for å kaste det vekk for noko sånt. Vi er ganske like, men samtidig veldig ulike. Du er tøffare enn meg. Hadde eg vore deg, hadde eg sagt dette rett til deg, men eg er ikkje det. Så det blir sånn. Begge to er ufattelig sta, og det viser no. Men denne gongen skal eg gi meg, for om du skal forsvinne frå livet mitt, skal det ikkje skje på den her måten. Ikkje tale om. Du blir. Og eg seier det, for deg ...
.
Unnskyld.
.

17.03.2010

WHO MATTERS? AND WHO DOES NOT?

Soundtrack: Lily Allen - LDN
..
ca det einaste gode som kom ut av ein sjuk tur til gulen i 2008
.
.
Plutselig tom for ord. Kanskje litt overraska... Annleis resultat enn forventa kanskje. Veit ikkje. Berre ikkje slik eg såg det for meg. Det kjem ei tid der ein faktisk innser kva som betyr noko. Kven som betyr noko. Og akkurat det er litt skummelt. Av og til blir eg litt skremt. Fordi vi er så like. Fordi vi har ein del til felles. Likevel er vi skikkelig ulike. Folk betyr ulike ting for oss. Og vi betyr ulike ting for kvarandre. Du betyr ingenting for meg. Nei, du betyr litt. Du betyr alt eg veit eg ikkje vil vere. Du viser meg alt eg ikkje skal bli. Du betyr litt for den eg er.
. .
.
.
There's a point in life when you realize who matters, who never did, who won't anymore, and who always will. Don't worry about people from your past. There's a reason they didn't make it to the future.

02.03.2010

WHY, YOU SAY? I DON'T KNOW.

Soundtrack: Men At Work - Down Under
(går det an å ikkje bli glad av den her?)
.
.
uten meining, men likvel med meining. gir det noko meining då?
.
Før var det liksom du. Det var du som var stor og sterk. Eg veit jo at ting har forandra seg ein god del sidan då. At begge to har forandra seg ein del. Du har blitt mindre. Iallefall for meg. Du er ikkje like stor som før. Du har krympa. Ting forandra seg. Kanskje det var vinteren. Kanskje det var deg .. eller meg. Kanskje det berre var forandringar som måtte komme. Du har krympa. Iallefall for meg. Nokon andre har tatt din plass. Tatt di oppgåve. Det er meg no. Eg har vokst. Blitt litt høgare. Sterkare. Det er meg no. Eg er stor og sterk. Litt.

17.02.2010

JUST GOTTA RIDE IT

Soundtrack: Shontelle - Impossible
(sa nokon fantastisk? ja, eg sa det)
.
.
.
Livet er ei berg- og dalbane. Det har allereie Ronan Keating sagt. Og det er sant. Så ufattelig sant. Skummelt sant faktisk. Innimellom går det oppover. Du kjenner sommarfuglane fly i magen din. Oppover, oppover, oppover. Noko i deg tar tak i gleda og klemmer den så hardt du kan, for å nyte det sekundet. Noko anna skubbar det vekk, for å ikkje bli skuffa når det flyr avgårde. Skrekkblanda fryd. Så går det litt rundt. Litt ned. Litt opp igjen. Litt rundt. Oppover. Opp. Opp. Opp. Skrekkblanda fryd. Sommarfuglar. Glede. Bekymring. Bekymring for turen nedover igjen. Kriblingane.
.
Veit ikkje heilt kor eg er no. Heilt på toppen. Der det går rundt kanskje. Det er ikkje heilt klart. Har aldri hatt auga opne i ei berg- og dalbane før. Lukka auga. Holdt pusten. Eg er iallefall ikkje riktig vei. Eller kanskje. Veit ikkje. Noko er ikkje heilt riktig. Heilt på toppen, men det går rundt. Eg er der eg ikkje veit heilt kor eg er. Det går iallefall rundt, det veit eg. Og eg held pusten og knip auga igjen for å ikkje dette av.