Viser innlegg med etiketten what i think. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten what i think. Vis alle innlegg

15.01.2012

THAT'S HOW IT'S SUPPOSED TO BE

... LIVING YOUNG AND WILD AND FREE


Så, eg har absolutt ikkje peiling - men viss verden skal gå under, skal eg gå under med god samvittighet. Det her året skal eg finne ut kva eg vil, kor eg skal og kven eg vil vere. Eg skal ta meg tid til å sei ja, og lære meg å sei nei. Eg skal sei ting som dei er, og vere ærleg sjølv om det betyr at det kanskje gjer vondt der og då. Eg skal bestemme kva eg vil, og gi litt meir faen i kva folk meiner og seier. Eg skal ta meg friheta til å lære av mine eigne feil, sjølv om det betyr at eg kjem til å faceplante med skrubbsår og vondt gang på gang. Eg skal ta vare på dei eg er glad i og som er glad i meg, og eg skal droppe dei som drar meg ned. Eg skal trakke mine eigne fotspor sjølv om det er speilblank is, djup og våt snø eller storm som møter meg. Det betyr med andre ord at eg har ein sjuk jobb foran meg, og at eg skal utnytte og yte og nyte kvart einaste sekund av kvar dag, veke og månad som går. Og veit du? Eg er så gira. Eg ser verkeleg fram til å gå på trynet og gjere feil, for tjuetolv er mitt år uansett kor fett eller fail det blir!


Soundtrack: Snoop Dogg & Wiz Khalifa ft. Bruno Mars - Wild, Young & Free

31.03.2011

FORCING LAUGHTER, FAKING SMILES

... SAME OLD TIRED, LONELY PLACE, WALLS OF INSINCERITY

photo_priv

Alt tar litt lenger tid no. Og sånn har det eigentleg vore lenge. Det tok lang tid å innsjå at det tar lengre tid. Det tar lang tid å sove. Det tar lang tid å fokusere. Det tar så vanvittig lang tid å tenke. Det å finne ut av ting, konsentrere seg og bestemme noko, det er eit livsprosjekt. Utruleg vanskeleg. Å finne eit svar. Ja. Nei. Joda. Neida. Joda ... Det er vanskelegare òg. Alle spørsmåla. Alt er veldig vanskelig. Ting forandrar seg over tid. Det tar berre tid å innsjå det. For tid er alt. Alt. Absolutt alt. Må berre bruke det rett tydeligvis. Då burde det ikkje vere så vanskeleg då. Men det tar lang tid å innsjå det. Så har ein plutseleg veldig lite tid igjen.

Au revoir, Mars.


Soundtrack: Taylor Swift - Enchanted (spotify)

29.10.2010

I GIVE UP, I GIVE IN, I LET GO, LETS BEGIN

... 'CAUSE NO MATTER WHAT I DO, OH, I JUST CAN'T GET ENOUGH
.
photo // priv
- til Ida-Marie
.
Det har kanskje tatt altfor lang tid. Det tar litt tid kanskje. Det tar litt tid å få tenkt. Få gjort seg opp ei meinig. Og det tar tid å tenke meir. Men det som tar mest tid er å bestemme seg. Det tar lenger tid. Har ikkje fått nok tid endå. Tid er så altfor vesentleg. Tankar er så vesentleg. Og meiningar, fleire tankar og avgjerelsar. Det er tusen ting som må stemme. Endå fleire som bør gjerast først. Det aller viktigaste er vel å gløyme alt. Berre gå ifrå problema og la dei løyse seg sjølv. Eller? Gå ifrå spørsmåla og sjå om svara kjem av seg sjølv. Eller? Det einaste eg veit er at tid er vesentleg. Eller? Eg veit ikkje. Om tid er vesentleg, problem løyser seg sjølv eller svar kjem av seg sjølv - veit eg ikkje. Men eg treng meir tid. Tid er vesentleg for meg. Tankar er vesentleg for meg. Meiningar, meir tankar og avgjerelsar er vesentleg for meg. Og akkurat derfor tar det kanskje altfor lang tid eller litt tid. Tid tar det iallefall.
.
.
Soundtrack: Colbie Caillat - You Got Me (spotify)

26.08.2010

TAP ON MY WINDOW, KNOCK MY DOOR

... I WANT TO MAKE YOU FEEL BEAUTIFUL
.
photo // priv
.
.Du er så vakker. Flink. Så god. Omsorgsfull. Den einaste som ikkje ser det ... det er deg. Du er den einaste som ikkje kan sjå kor god du eigentleg er. Du er meir enn mange berre kan drøyme om å bli. Det er så synd at du ikkje kan sjå det sjølv. Om du ikkje innser det snart ... synd. Du burde fortelle deg sjølv kvar einaste dag kor vakker du eigentleg er. Gå og sjå i spegelen. Sjå forbi alt det du sjølv ser. Finn det andre ser. Berre sjå. Du er vakker.
.
.
Soundtrack: Maroon 5 - She Will Be Loved

26.07.2010

CH-CH-CHANGES

... TURN AND FACE THE STRANGE CH-CH-CHANGES
.
Tjohei, på høg tid med litt forandringar. For no iallefall.
.
.
Soundtrack: David Bowie - Changes (spotify)

13.05.2010

YOU ARE THE STRENGHT, THAT KEEP ME WALKING

... YOU ARE THE HOPE, THAT KEEP ME TRUSTING
.
photo // priv
.
Av og til er ein litt tom for ord. Ein klarar liksom ikkje heilt få fram det ein meiner. Stokkar orda og står fast. Det er forferdelig. Eg har det sånn no. Skrivesperre. Eg veit ikkje kva eg skal skrive. Kanskje det er fordi det betyr såpass mykje for meg, og eg ikkje veit korleis eg skal få det fram på best måte. Heilt utruleg vanskeleg. Eg må skrive noko som passar, noko som er bra nok. Det er ufattelig vanskeleg. At det som betyr aller mest, det er aller vanskelegast. Det er ikkje greit. For eg vil få fram kor mykje det betyr for meg.
.
Det er litt sånn som ild trenger oksygen og brennbart materiale. Litt sånn som at temperaturen stig når sola varmar. Sånn som vatn slukkar tørst. Essensielt. Heilt nødvendig for å overleve. Livsviktig. Dokke er livsviktige for meg.
.
..
Soundtrack: Lifehouse - Everything (spotify)

03.05.2010

TAKE ME TO THE CLUB I NEED TO DANCE

... I NEED TO DANCE, I NEED TO DANCE
.
.
photo // priv
.
Eg har aldri vore så lite skulelei på denne tida av skuleåret før. Derimot er eg lei av ein hel del andre ting. Folk. Ting. Greier som må gjerast. Eg har så utruleg lyst å berre sove til eg ikkje er trøtt lengre, ligge i sola heile dagen eller le til eg får ilt i magen. Mest av alt har eg lyst å danse. Eg vil berre danse, danse, danse til krampa tar meg! Eg kan ikkje danse, men eg vil. Eg vil smile og tulle og le. Sommaren må komme no. Graset må bli grønt og sola må skine. Alle må smile og le og ete is. Herregud. Ja. Eg har så mykje å sjå fram til no, men eg vil ikkje sjå fram til det lengre. Eg vil oppleve.
.

23.03.2010

CAN I HAVE MY IDENTITY BACK?

Soundtrack: Owl City - Vanilla Twilight (spotify)
.
.
Hadde ikkje du blitt passelig skremt viss du måtte nokon som har heilt lik deg? Heilt identisk. Ikkje ein einaste forskjell. Viss dokke var heilt like på alle mulige måtar. Hadde ikkje du blitt ganske skremt då?
.
Veldig mange opplever at folk "stjel" identiteten deira. For alt du veit, kan det hende ein du er venn med på Facebook eller Nettby, har kopiert alle bilda dine og alle opplysningane du har lagt ut av deg sjølv, og laga ein ny profil. Ikkje nødvendigvis med same navn, men kanskje eit heilt anna, men med dine bilder og dine personlege opplysningar. Veldig mange, spesielt kjende personar, opplever ofte å finne falske profilar, f.eks. Tone Damli Aaberg eller Emilie "Voe" Nereng.
.
Etterkvart som eg har blitt eldre (og litt meir fornuftig), har eg skjønt kva folk pratar om når dei seier "nettvett" og sånt. Eg har blitt veldig forsiktig på kva eg legger ut om meg sjølv, og spesielt når det gjelder bilder. Ikkje berre av meg sjølv, men også av venner. Eg har vel eigentleg berre blitt skikkelig skremt av kor mykje ein kan finne ut om ein person gjennom nettet, og prøver derfor å tenke så mykje som mogeleg over kva eg publiserar. Eg har funne ut at det er lurt å vere mest mogeleg anonym, iallefall i begynnelsen. Mange ein trur er til å stole på, kan spele eit spel. Og slike spel vil ein ikkje rote seg borti. Det er utruleg lett å ta på seg ei maske, og det er vanvittig vanskeleg å avsløre den maska ...
.
Det siste skuleinnlegget. Og bloggen ser fortsatt forferdeleg ut i Google Chrome og Safari altså. Hjelp?

08.03.2010

CERTAIN THINGS SHOULD BE LEFT UNSAID

Soundtrack: La Roux - Bulletproof
.
.
vinter, mørke og herleg. slaps og regn er ikkje-herleg.
.
Det er heilt rart korleis nokon folk ikkje forstår kva som burde bli sagt og ikkje sagt. Kva som burde gjerast og ikkje gjerast. Nokre folk har rett og slett ikkje noko sperre. Eller det er vel kanskje det dei har. Ei sperre som sperrar for logisk tankegang. Ei sperre som stenger ute alt av medfølelse og empati. Det er berre visse ting ein ikkje skal sei, og nokre spøkar som ikkje skal slåast. Det er nokre handlingar som ikkje burde vore gjort, og visse tankar som ikkje burde tenkast. Men nokre folk forstår berre ikkje det. Tenk litt neste gong du trur du er morsom. Tenk litt før du slår. Tenk litt før du snakkar og tenk litt før du tenker. Det er nokre ting som berre ikkje skal vere. Det er faktisk nokre ting som bør vere utenkt, usagt og ugjort.

03.02.2010

FRIENDS FIGHT. THAT'S WHAT MAKES THEM FRIENDS

Soundtrack: Justin Bieber - Favorite Girl
.
.
copyright, yes
.
Har nokon fortalt deg at vennar blir betre vennar av å krangle? Det er sant. Om ingen andre kan, så veit eg at eg kan fortelle med erfaringar at det er sant. Etter mykje unødvendig, har eg vennar eg aldri trudde eg skulle få. Vennar som eg stolar meir på enn mange. Vennar som støttar meg uansett. Vennar som eg veit er glad i meg. Kanskje vi kranglar innimellom, men eg veit at det alltid blir bra igjen - uansett. Det er så fint med sånne. Dei er der kanskje ikkje alltid, men du veit likevel at viss det er noko, er dei der for deg. Eg er så glad eg har sånne fine, fine folk. Dei beste. Englar, trur eg. Englar, eg veit.

16.11.2009

THIS DISEASE CAN'T BE CURED

Soundtrack: Simple Plan - Perfect
(eg elskar den her sangen. har mange minner i den)
.
Det fins folk som seier at nynorsk er ein sjukdom. Heilt ærleg, anar eg ikkje kva dei snakkar om. Eg har alltid skrive nynorsk. Eg elskar å skrive nynorsk. Vokst opp med det, og eigentleg aldri skrive noko anna. Likevel, klarar eg å skrive bokmål like godt som nynorsk. Kvifor? Fordi eg har lært det. Vi måtte lære å skrive bokmål - fordi det var sidemålet vårt. Så eg lurer på; Kvifor skal det vere så vanskeleg for folk som har bokmål som hovudmål å lære nynorsk? Det er akkurat same saken. Ikkje kom her å fortell meg at det er vanskelegare å lære nynorsk. Så vanskeleg er det faktisk ikkje. Å påstå det er jo faktisk å påstå at alle som har bokmål som hovudmål er dummare. Og er dei det? Det tvilar eg faktisk på.
.
Kom iallefall ikkje her å sei at nynorsk er ein sjukdom. Det er det absolutt ikkje. Det norsk. Ikkje norsk-dansk. Sånn ser iallefall eg på det. Og skal det absolutt vere ein sjukdom, så vil eg vere sjuk. Eg er stolt av å skrive nynorsk.
.
Bank i bordet.

02.11.2009

GROWN UP CHILDREN

Soundtrack: Dj Boonie - Close To You
(finaste sangen. så utruleg mange minner)
.
(top model, cycle 12. redigert i picasa)

Kva skjedde med å aldri vokse opp? Eg skulle aldri bli voksen. Eg skulle alltid vere liten. Hoppe tau, klarte i tre. Eg skulle iallefall ikkje slutte å sjå tegneseriar på Cartoon Network. Eg kan trøste med at eg ser på Disney Channel halve helga og hoppar på dei kvite stripene på gangfeltet.
.
Kva er det som skjer med at alle plutseleg er voksne? Eg føle at det var igår eg klaga over at alle var så teite og ikkje kunne oppføre seg. Veslevoksen var vel ordet. Kva skjer med at eg plutseleg ser på gjengen som er yngre enn meg og lurer på kvifor dei absolutt vil oppføre seg så voksent og prøver så desperat å sjå så voksne ut?
.
Eg lurer på kortid hoppetau blei bytta ut med iPod. Eg lurer på kortid slikkepinnen blei bytta ut med røyk. Eg lurer på kortid julebrusen blei bytta ut med øl. Kortid ting forandra seg sånn, lurer eg på. Kortid forandra alle seg? Kortid blei ungane født voksne?
.
Eg veit ikkje. Rett og slett. Eg anar faktisk ikkje korleis det blei sånn. Korleis alle sklei frå kvarandre og nokon kom nærmare. Korleis nokon blei falske, og nokon blei vennar med andre. Korleis nokon ødela livet sitt for godt og andre gjorde livet betre. Kva skjedde eigentleg?
.
Gjer nett kva du vil. Eg skal irritere meg over kor idiotisk du er. Men ikkje kom å tru at fordi du er så tøff, at det hindrar meg i å hoppe på dei kvite strekane på gangfeltet. Eg har tenkt å vere liten heilt eg vere voksen.

02.10.2009

IT'S LIKE A CRAZY DÉJÀ VU. ON AND ON

Soundtrack: Fabel - Jordbær og Grasbrann
(eg saknar sommar, og gler meg vanvittig til vinter)
.
.
Eg kan ikkje seie at eg er glad eg endeleg er ferdig med portrettet, for det har vore utruleg kjekt. Kunne godt ha fortsett lenge med det! Hadde verkeleg ikkje blitt så bra hadde det ikkje vore for Sanne. Nei, absolutt ikkje. Det er absolutt ikkje utan grunn eg kallar ho Super-Sanne!
.
Så var det plutseleg eit år sidan eg opererte halebeinet. Eit år sidan sist haustferie. Eit år sidan ei heilt forferdeleg veke som blei forfulgt av ein heilt forferdeleg vinter. Det har allereie blitt betre iår. Null operasjonar, så lagt. Det er haustferie, og eg håpar den blir mykje betre enn fjorårets.
.
EDIT:
FORRIGE INNLEGG VAR ABSOLUTT IKKJE NOKO GREIE OM AT EG HATAR VENNANE MINE. DET GJER EG ABSOLUTT IKKJE. EG HATAR ADOBE-PROGRAMMA AV OG TIL, DET VAR POENGET. BEKLAGAR VERKELEG OM FOLK MISFORSTO.

01.10.2009

I WANT YOU TO KNOW IT DOESN'T MATTER

Soundtrack: Kelly Clarkson - Already Gone
.
.
Eg trudde vi var vennar. Gode vennar. Sånne vennar som skulle holde ut livet. Halde ihop i tunge stunder. Le ilag. Smile ilag. Grine ilag. Eg trudde vi skulle vere sånne vennar som fortsatt var ilag etter tunge stunder. Sånne vennar som sitte ilag i fleire timar. Sånne vennar som aldri blei lei av kvarandre. Eg trudde du skulle bli glad for å sjå meg kvar dag. I det siste har du berre skuffa. Gong på gong. Du har slått meg ned, og trakka meg ned i søla. Eg har faktisk fått nok av deg på ei stund. Av og til berre irriterar du meg. Eg taklar faktisk ikkje synet av deg no. Eg har fått nok. Du kan få lov til å gå no. Eg er lei.
.
.

Ja, av og til ønskar eg død over Adobe-programma.

Sjekk killerblikket til Sanne! Love it.

.

Heldigvis føler eg meg relativt ferdig med portrettet av Sanne no. Også er refleksjonsnotat og arkitekturoppgåva levert. Det er herleg. Eg må innrømme det at eg kosar kroppsdelar av meg på skulen. Sjølv om det har vore stress idag. Veka har gått seint, men har igrunn vore ganske gøy. Likevel gler eg meg, som den lille drittungen eg er, til haustferie...

26.09.2009

SOMETIMES A HUG IS ALL WE NEED

Soundtrack: Sick Puppies - All The Same
(såg free hugs campain-film. herlegheit, fine mann)
.
.
Eg syns ALLE skal gi nokon ein klem idag!
.
.
bikbok's stylebook @ gud, vad jag älskar det här
.
Eg trudde eg hadde utruleg mykje å gjere, men no er eg ferdig med det eg absolutt gjere idag. Så utsette eg det eg kan gjere idag, sånn at eg gjere det imårå. Ikveld er alle heime. Alle fem. Fem er eit fint tal, det.
.
Endeleg er det kanskje eit lite håp for haustferien òg. Eg gler meg.

24.09.2009

DON'T FIT IN DON'T STAND OUT

Soundtrack: Nicolai - Lær Mig Hvordan (link)
(skal ikkje påstå eg forstår alt, men fy - så fin)
.
.
Eg har det eigentleg veldig bra for tida. Kan absolutt ikkje klage. Jo, det er eit par ting eg får lyst å sende inn ei meir eller mindre sint, skriftleg klage om innimellom - men stort sett har eg det igrunn ganske bra! Noken ting skulle eg ønske var annleis, men eg har funne ut at det er dei sakene eg ikkje har flest fingrar med i spelet på. Derfor eg lar rett og slett dei sakene vente på seg og lar andre ordne opp. For eg kan ikkje alltid fikse alt, det har eg lært meg no.
.

Ein stk happycat som ikkje passar hodebandgreier.

.

Grunnane til at eg har det veldig bra, er blant anna at eg har heilt sjukt fine folk rundt meg. Eg blir rett og slett stolt. Noken folk har heilt sinnsjukt store ting på gang, som ein berre bli stolt av og andre folk er rett og slett berre fine. Så skjer det veldig masse bra for tida òg.
.

Tenk det, optimist heilt inn i hjarterota, sjølv om eg mista alt eg jobba med i eit par timar!

31.08.2009

DON'T GIVE UP. DON'T GIVE IN.

Soundtrack: Nickelback - Savin' Me
.
.
You wake up, it's raining and it's monday. Looks like one of those rough days. Time's up, you're late again, so get out the door. Sometimes you feel like running. Find a whole new life and jump in...
.
Å, crap. Unnskyld meg for at eg gjentek mange rosabloggarar akkurat no...
.
Det fristar grenselaust å legge hovudet på puta. Ta dyna over hovudet. Vifte med det kvite flagget. Kaste inn handkleet. Dokke skjønar opplegget;
Gi opp. Gi seg. Slutte.
.
Beklagar nok igjen at eg gjentek folk når eg skriv at lysta er meir eller mindre vekke. Interessen har døydd ut, med andre ord. Det er rett og slett ikkje mykje å skrive. Ikkje no. Ikkje mykje å fortelje. Ærleg talt, eg føler det er andre ting eg bør tenke meir på enn bloggen for tida (ikkje det at den har tatt opp mykje tid i det siste).
.
Med det her tenkte eg at eg skulle avslutte. Ta ein pause. Kanskje berre ein dag. Kanskje ei veke. Kanskje ein månad eller eit år. Kanskje innlegget blir sletta om ikkje lenge. Kanskje eg berre har ein dårleg dag og må få alt ut på eit vis, og det her er resultatet? Kven veit? Eg kan ikkje alle fall sei, rett opp og ned; eg veit ikkje.
.
.
Alle seier at ein ikkje må gi opp, og kjempe for det ein vil. Kan ein eller annan fortelje meg kvifor det skal vere så forbanna vanskeleg då?

15.08.2009

RE-RE-REPEAT THAT, PLEASE - PLEASE.

Etter Topp20-konserten, har eg blitt endå meir glad i Erik og Kriss. For å sitere Karen; Eg likar ikkje dei fordi han eine er søt og han andre ser bra ut - eg likar musikken. Viss alt hadde blitt som eg ville, alltid, hadde eg stått ilag med Erik og Kriss i Ålesund no, etter ein lang shoppingtur på Moa og ein luksusfrukost på hotell. Den gang ei. Viss alt hadde blitt som eg ville, alltid, kunne eg ha vore på to stader samtidig, i Bergen (utanom Ålesund), klar for Alan Jackson - konsert. Den gang ei. Eg sitte fortsatt heime. Unormalt store og mange regndropar knuser mot bakken, sånn at steinar flyttar seg og asfalten liknar meir Nilen i regntida.
Hurra for global oppvarming, dokke! Utruleg kor fort eg klarar å skifte tema frå musikk til miljøproblem...


Ganske forskjellige, ganske utan om det vanlege, ganske catchy songar har eg fått hekta på i det siste. Det her er jo òg dialekt på sitt beste, vil eg sei. Og meget meiningsfulle tekstar. Dei får iallefall sommarsteminga til å luske rundt i kroppen, sjølv om snøen legge seg i fjella rundt om i landet (og sjølv om eg lengtar etter vinter!).

Matti Røssland - Lyseblå Hagestolar
Fabel - Jordbær og Grasbrann
Karpe Diem - Regnvær

12.06.2009

Yes, as a matter of fact - I do rule the universe ...

Dagen starta med desperat need for sleep etter sju, åtte timars søvn. Mamma og pappa var allereie reist då eg sto opp, så det var null stress. Eg vandra 2 min for å komme til dagens opphaldsstad; nemleg bana. IDRETTSDAG, indeed.

Sjølve idrettsdagen starta med at ein liten drittunge klype, og spørr "Gjer det her ilt?" og fortsatte med dårlege prestasjonar, sidan vi arrangerte heile greia - iår òg. Sidan eg allereie var TRØTT, gjorde ikkje dette humøret betre. Men eg tok alt med ei klype salt - eg skulle jo trossalt ta tida på 60 meter'n heile dagen, ilag med Karen! Det var jo ... kosleg! Dagen var best midt i mellom aktivitetane; pausen, ilag med Sara, Tomine og Karen. Må sei at nokre lærara er det ein kan kalle KONTROLLFREAK, og ødela mykje. Ellers har eg funne ut at eg hatar (ja, meir enn mislikar i dette tilfellet) kids som er så sinnsjukt CARE (hatar utrykket, men ingenting kan beskrive det betre) til heile skulen. Dèt irriterar meg grådig.

Det blei ikkje Erik og Kriss-konsert idag. Litt trist igrunn. Men satsar på at det blir i Bergen kanskje, og muligens VG lista - konsert, og kanskje Alan Jackson då! :) Istadenfor konsert idag, skal eg kanskje ut til Karen, ilag med desse herlege jentene, og det er jo minst like bra! Rett og slett fordi vennane mine er like kule som meg!

YOU BETTER ENJOY!

28.05.2009

Don't give up, don't stop, keep it up!

Soundtrack: Kaizers Orchestra - Bak Et Halleluja

Eg gidde ikkje skrive mykje. Tenkte eg berre skulle sjekke inn for å vise at eg fortsatt er i live, for dei som ikkje ser meg kvar dag (heldigvis for dei). Vi tar det lett idag...


  • Eg er endeleg ferdig med London-oppgåva. Kjekkaste skulearbeidet nokon sinne!
  • Eg er mektig lei Alexander (?) Rybak - Fairytale, likevel blir eg glad av den.
  • Eg har leita febrilsk etter linseloket til speilrefleksen - etter eg hadde sett det på. Surrete? Ja, litt!
  • Eg er kvalm, irritert og sur. (Kontakt for vidare oppføljing)
  • Eg er så utruleg lei av misnøye, misliking, baksnakking og drit.
  • Eg hatar (mislikar sterkt) folk som skal ta opp at gamle saker. Fortid er fortid. Eg kan ikkje gjere noke med det eg gjorde for 5 år sidan. BEKLAGAR!
  • Eg klør noke sinnsjukt der BCG'en er, sjølv om eg aldri har tatt BCG'en.
  • Eg har fått eit nytt familiemedlem. Gadget, if you like. iPod Classic!
  • Eg har nok aldri (det seier eg alltid) gleda meg so mykje til helg!
  • Eg har sletta mykje på dataen, og reinstallert LimeWire, sjølvom min forhistoriske (ja, den er det) data ikkje har godt av det. Snakk om overvektig, liksom.
  • Eg vil rekke å reise på kino, vere på Reed og ha det kjekt den her helga. Uten å måtte tenke på noke som helst negativt.

Før noken i det heile rekke å tenke det; NEI, eg er ikkje bortskjemt. For det første; mamma og pappa er berre veldig glad i meg, og eg får det eg trenge. Ikkje tru eg får alt eg peikar på. Og for det andre; eg jobba faktisk eindel for å få det, det er berre alt folk utan for huset ser.

Mange trur dei veit mykje, men eg kan fortelle deg at det er mykje meir inni her enn det dei trur. Eg kjenner meg sjølv best sjølv ...

Kort innlegg, ja ...