Viser innlegg med etiketten photos. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten photos. Vis alle innlegg

15.03.2012

GIVE ME A KISS FROM PARIS


Eg var visst ein tur innom Paris for ein månad sidan ...

Soundtrack: Free Deejays - Kiss From Paris (Extended Track)

19.05.2011

LOVE IS LIKE A PAPER AIRPLANE

... FLYIN' IN THE FOLDED DENT, FLYIN' HIGH, DIPPIN' LOW

photo // priv


Soundtrack: Alison Krauss - Paper Airplane (spotify)

31.03.2011

FORCING LAUGHTER, FAKING SMILES

... SAME OLD TIRED, LONELY PLACE, WALLS OF INSINCERITY

photo_priv

Alt tar litt lenger tid no. Og sånn har det eigentleg vore lenge. Det tok lang tid å innsjå at det tar lengre tid. Det tar lang tid å sove. Det tar lang tid å fokusere. Det tar så vanvittig lang tid å tenke. Det å finne ut av ting, konsentrere seg og bestemme noko, det er eit livsprosjekt. Utruleg vanskeleg. Å finne eit svar. Ja. Nei. Joda. Neida. Joda ... Det er vanskelegare òg. Alle spørsmåla. Alt er veldig vanskelig. Ting forandrar seg over tid. Det tar berre tid å innsjå det. For tid er alt. Alt. Absolutt alt. Må berre bruke det rett tydeligvis. Då burde det ikkje vere så vanskeleg då. Men det tar lang tid å innsjå det. Så har ein plutseleg veldig lite tid igjen.

Au revoir, Mars.


Soundtrack: Taylor Swift - Enchanted (spotify)

30.01.2011

ONCE WHEN I WAS LITTLE, I ...

photo // priv

used to feel so strong, even when they tell me - tell me I was wrong. That I can't live in a magic world. 'Cause it's time for me to grow up. That I got to be like the rest of them. When I know they're acting up.

So here comes the next one, the next in line: Stay as young you can, for the longest time. 'Cause those days flew by, like a breeze just passing through. Once, when I was little ...


29.10.2010

I GIVE UP, I GIVE IN, I LET GO, LETS BEGIN

... 'CAUSE NO MATTER WHAT I DO, OH, I JUST CAN'T GET ENOUGH
.
photo // priv
- til Ida-Marie
.
Det har kanskje tatt altfor lang tid. Det tar litt tid kanskje. Det tar litt tid å få tenkt. Få gjort seg opp ei meinig. Og det tar tid å tenke meir. Men det som tar mest tid er å bestemme seg. Det tar lenger tid. Har ikkje fått nok tid endå. Tid er så altfor vesentleg. Tankar er så vesentleg. Og meiningar, fleire tankar og avgjerelsar. Det er tusen ting som må stemme. Endå fleire som bør gjerast først. Det aller viktigaste er vel å gløyme alt. Berre gå ifrå problema og la dei løyse seg sjølv. Eller? Gå ifrå spørsmåla og sjå om svara kjem av seg sjølv. Eller? Det einaste eg veit er at tid er vesentleg. Eller? Eg veit ikkje. Om tid er vesentleg, problem løyser seg sjølv eller svar kjem av seg sjølv - veit eg ikkje. Men eg treng meir tid. Tid er vesentleg for meg. Tankar er vesentleg for meg. Meiningar, meir tankar og avgjerelsar er vesentleg for meg. Og akkurat derfor tar det kanskje altfor lang tid eller litt tid. Tid tar det iallefall.
.
.
Soundtrack: Colbie Caillat - You Got Me (spotify)

09.10.2010

LISTEN TO WHAT WE'RE NOT SAYING

... LET'S PLAY A DIFFERENT GAME THAN WHAT WE'RE PLAYIN'
.
photo // private
.
Det kjennest ikkje heilt riktig lenger. Det er så mykje som er usagt. Det er så mykje at alt blir feil. Uansett kva. Det er liksom ... ingenting som blir riktig. Det er så mange forskjellige ting på eingong at ingenting vil løyse seg opp. Ting har venta for lenge. Ingen vei tilbake. Det har blitt for mykje, og no har alt stoppa opp. Kanskje derfor det ikkje verkar riktig lenger. Fordi alt har stoppa opp. Kanskje det er alt det som har forblitt usagt. Eller kanskje det berre er sånn? At det ikkje skal kjennest riktig? Eg veit ikkje. Alt eg veit er at det som er no, betyr noko. Når alt går i stå, og ingenting vil fungere, kjenner eg at eg er noko. Og at du er. Og at vi er.
.
.
Soundtrack: Avril Lavigne - Why (spotify)

26.08.2010

TAP ON MY WINDOW, KNOCK MY DOOR

... I WANT TO MAKE YOU FEEL BEAUTIFUL
.
photo // priv
.
.Du er så vakker. Flink. Så god. Omsorgsfull. Den einaste som ikkje ser det ... det er deg. Du er den einaste som ikkje kan sjå kor god du eigentleg er. Du er meir enn mange berre kan drøyme om å bli. Det er så synd at du ikkje kan sjå det sjølv. Om du ikkje innser det snart ... synd. Du burde fortelle deg sjølv kvar einaste dag kor vakker du eigentleg er. Gå og sjå i spegelen. Sjå forbi alt det du sjølv ser. Finn det andre ser. Berre sjå. Du er vakker.
.
.
Soundtrack: Maroon 5 - She Will Be Loved

19.08.2010

WE'RE MOVIN JUST A LITTLE TOO FAST

... BUT WHAT WE'VE DONE, WE CAN'T TAKE IT BACK
.
photo // priv
.
.Å fly verkar heilt greitt. Å berre sveve litt. Det å berre kunne komme seg vekk frå alt. Berre nokre sekund. Likevel lenge nok til å få oversyn. Akkurat det ... oversyn. Å komme høgt nok. Langt nok. Lenge nok. Om det berre hadde vore pittesmå tendensar til håp. Då skulle eg sveva litt på rosa skyer berre ei millisekund. Berre høgt nok, langt nok og lenge nok til å få oversyn over alt som skjer.
.
.
Soundtrack: Trey Songz - Can't Be Friends

10.08.2010

I LOST ALL CONTROL

... AND I NEED YOU NOW
..
photo // priv.
.Kasta ut av drømmeland.


Soundtrack: Lady Antebellum - Need You Now (spotify)

19.07.2010

I TELL MYSELF I'M IN TOO DEEP

...THEN I FALL A LITTLE FARTHER
.
photo // priv
..
Berre ei lita rørsle i munnvika di kunne lyse opp kvardagen. Kunne forandre perspektivet. Få dei tyngste ting til å bli lettare. Berre tendensar til eit lite smil kunne gjere dagen så mykje betre. Synet av deg kunne få tankane til å forsvinne. Sånn er det fortsatt. Om det ikkje kan bli like bra som før ... så kanskje det kan bli betre. Det er alt det du gjer. Alt du gjer som kan få kven som helst til å heve seg over nedtramping, overkøyring og drittkasting. Alt du kan gjere som kan få ein så liten og svak person til å føle seg sterk igjen. Berre varmen av handa di på skuldra, gjer så utruleg mykje. Du veit det kanskje ikkje sjølv, men ... du er så mykje meir enn berre ein person. Du er så mykje meir. Du er det som held meg oppe, når eg eigentleg er langt nede. Fantastisk.
.
.
Soundtrack: Carrie Underwood - Look At Me (spotify)

09.07.2010

WHY DO I MENTION THE SOLAR SYSTEM?

... 'CAUSE YOU ARE MY SOUL AND SYSTEM
.
.
photo // priv
.
Det er så rart. Så rart at det har så stor betydning. At det faktisk har blitt sånn. Det er så rart med den der følelsen. Det har aldri vore akkurat sånn før. Ikkje akkurat sånn. Fordi det ikkje var deg. Så enkelt er det. Det har ikkje gått så lang tid. Både i det store biletet og det litt mindre som er i tankane mine no. Det er ikkje store tida det er snakk om. Det er vel kanskje sant då; det aller største og beste skjer på mindre enn ein augeblink. Det er ikkje så lenge sidan du kom inn i livet mitt. Og no har du vore lenger vekke, men likevel vore ein stor del av livet mitt. Det er så rart med den følelsen. Så rart at det har så stor betydning. Og det har du. Den rare følelsen òg. Den følelsen eg har når du ikkje er her. Sakn.
.
Soundtrack: Ne-you - Because of You (Kanye West Remix)

11.06.2010

YOU KNOW, THIS AIN'T THE BEST VIEW

... ON THE OUTSIDE LOOKING IN
.
photo // priv
.
Ho klarte ikkje forstå. Kunne ikkje skjønne. Det var for mange tankar i hovudet hennar. Ho kjende skuffelsen i brystet. Gnaga seg innover og ødela ho. Den tynga ho ned. Ho sank lenger og lenger nedover. Ned mot noko ho ikkje visste kva var. Skuffelsen gnaga seg innover mot noko ho ikkje visste om. Eit sinne ho aldri før hadde visst om. Ei frykt ho aldri før hadde sett. Ein følelse ho ikkje ville føle. Skuffelsen tynga ho ned. Ho sank lenger og lenger nedover. Mot noko ho ikkje visste om. Noko ukjent. Ho ville ikkje meir. Kvar einaste gong ho prøvde å forstå - prøvde å skjønne - kjende ho skuffelsen i kroppen. Ho klarde det ikkje. Sinnet tok for mykje plass. Frykta var for stor. Alle følelsane var for mykje for ho. Ho orka ikkje meir. Lot seg sjølv gi opp. Lot seg sjølv stå på utsida. På utsida, med blikket vendt innover. Innover mot så mykje meir.
.
Soundtrack: Taylor Swift - The Outside (spotify)

01.06.2010

DROPPIN' SO QUICKLY

... MAYBE I SHOULD KEEP THIS TO MYSELF
.
photo // priv, the last song
.
Han hadde for lenge sidan gitt opp å forutsjå framtida. Det brydde han ikkje. Han visste spådommar var meningslause, og dessuten kunne han knapt forstå fortida i desse dagar. Alt han kunne seie sikkert var at han var ordinær i ein verden som elska det ekstraordinære. Og openbaringa etterlot ham med en vag følelse av skuffelse over det livet han hadde leda, men kva kunne han gjere?
- Utdrag frå The Last Song (oversatt frå engelsk) av Nicholas Sparks
.
Når ein ikkje har ord, hjelper det av og til å bruke andre sine. Eg har tusen ting eg har lyst å få ut, tusen ord eg vil skrive, tusen tanka eg vil kvitte meg med, men ingenting eg kan dele. Skrivesperre trur eg dei kallar det. Eller kanskje alt-for-mykje-å-gjere. Eller .. du skjønar.
.
.
Soundtrack: Colbie Caillat - Fallin' For You (spotify)

18.05.2010

ME AND MY HEART, WE GOT ISSUES

... DON'T KNOW IF I SHOULD HATE YOU OR MISS YOU
.
photo // priv
.
Det har ofte berre blitt sånn. Eg veit ikkje kvifor. Eg veit heller ikkje om eg vil vite det. Det har veldig ofte blitt til at alt berre blir eit ork. Før var det jo heilt annleis. Men ting forandrar seg. Det trur eg alle har fått erfare dei siste vekene, iallefall månedane. Tid forandrar seg. Stadar forandrar seg. Til og med folk, som lovde dei aldri skulle forandre seg ... forandrar seg. Det er ikkje noko ein gledar seg til, og det er ikkje kult. Og no, no er det sånn her. Eit slit. Eit tankekaos. Eit tema ein faktisk vil unngå. Kanskje er det løysingane ein faktisk vil unngå. For alle saman veit korleis det kjem til å ende, bør ende. Og alle saman har berre venta på det sidan ... første gongen. Det er det eg hatar mest. Eg hatar å ha feil. Endå meir hatar eg når alle andre har rett. Det går jo ikkje. Det skulle ha vore to hjernar tenkjer betre enn ein. Så sitte eg her med alt. Eit tankekaos uten like. Eit ork. Tema ein har unngått til no. Med alle oppgåver, alle løysingar og ikkje eit einaste riktig svar.
.
Soundtrack: The Saturdays - Issues (spotify)
... DAMN I WISH THAT I COULD RESIST YOU

13.05.2010

YOU ARE THE STRENGHT, THAT KEEP ME WALKING

... YOU ARE THE HOPE, THAT KEEP ME TRUSTING
.
photo // priv
.
Av og til er ein litt tom for ord. Ein klarar liksom ikkje heilt få fram det ein meiner. Stokkar orda og står fast. Det er forferdelig. Eg har det sånn no. Skrivesperre. Eg veit ikkje kva eg skal skrive. Kanskje det er fordi det betyr såpass mykje for meg, og eg ikkje veit korleis eg skal få det fram på best måte. Heilt utruleg vanskeleg. Eg må skrive noko som passar, noko som er bra nok. Det er ufattelig vanskeleg. At det som betyr aller mest, det er aller vanskelegast. Det er ikkje greit. For eg vil få fram kor mykje det betyr for meg.
.
Det er litt sånn som ild trenger oksygen og brennbart materiale. Litt sånn som at temperaturen stig når sola varmar. Sånn som vatn slukkar tørst. Essensielt. Heilt nødvendig for å overleve. Livsviktig. Dokke er livsviktige for meg.
.
..
Soundtrack: Lifehouse - Everything (spotify)

03.05.2010

TAKE ME TO THE CLUB I NEED TO DANCE

... I NEED TO DANCE, I NEED TO DANCE
.
.
photo // priv
.
Eg har aldri vore så lite skulelei på denne tida av skuleåret før. Derimot er eg lei av ein hel del andre ting. Folk. Ting. Greier som må gjerast. Eg har så utruleg lyst å berre sove til eg ikkje er trøtt lengre, ligge i sola heile dagen eller le til eg får ilt i magen. Mest av alt har eg lyst å danse. Eg vil berre danse, danse, danse til krampa tar meg! Eg kan ikkje danse, men eg vil. Eg vil smile og tulle og le. Sommaren må komme no. Graset må bli grønt og sola må skine. Alle må smile og le og ete is. Herregud. Ja. Eg har så mykje å sjå fram til no, men eg vil ikkje sjå fram til det lengre. Eg vil oppleve.
.

21.04.2010

BRIGHT RED LIPS AND TEENAGE EYES

13.04.2010

GONNA BE THE BEST MEMORIES

hei vår, blondt hår, sol og smil!
.
.
.
linka til spotify i teksten!

30.03.2010

ONE TALL CAFFÈ MOCHA TO GO, PLEASE

Soundtrack: The Clash - London Calling
.

starbucks coffee.
.
ser fortsatt heilt sjukt ut i Google Chrome og Safari. HELP!

17.03.2010

WHO MATTERS? AND WHO DOES NOT?

Soundtrack: Lily Allen - LDN
..
ca det einaste gode som kom ut av ein sjuk tur til gulen i 2008
.
.
Plutselig tom for ord. Kanskje litt overraska... Annleis resultat enn forventa kanskje. Veit ikkje. Berre ikkje slik eg såg det for meg. Det kjem ei tid der ein faktisk innser kva som betyr noko. Kven som betyr noko. Og akkurat det er litt skummelt. Av og til blir eg litt skremt. Fordi vi er så like. Fordi vi har ein del til felles. Likevel er vi skikkelig ulike. Folk betyr ulike ting for oss. Og vi betyr ulike ting for kvarandre. Du betyr ingenting for meg. Nei, du betyr litt. Du betyr alt eg veit eg ikkje vil vere. Du viser meg alt eg ikkje skal bli. Du betyr litt for den eg er.
. .
.
.
There's a point in life when you realize who matters, who never did, who won't anymore, and who always will. Don't worry about people from your past. There's a reason they didn't make it to the future.