... IT'S WHAT I DIDN'T SHOW
.
Det var stille og hav ... Stillehav. Stille. Hav. Stille hav. Sola skein og livet var liksom flott. Plutseleg var det storm i glaset. Storm i glaset liksom. Går det an? Uflaks. Så blei ein plutseleg forvandla til ein orkan i tillegg. Snurrar og gjer alt verre enn det var. Sånn at ein ikkje veit om babord eller styrbord. Ikkje kor høge bølgene er. Ikkje kva veg stormen bles eller går. Slik at all kunnskap blir i uvisse. Sjølvsagt var leikebåten lekk òg. Då var det vel innsett at det var dømt. Stormen strømma inn i båten. Det var ikkje lenger berre storm i glas. Det var storm i båt. Det var storm og orkan i båt samtidig. Bølgene vart høgare over båten. Båten blei iallefall lågare under bølgene. Det var visst storm heilt i botnen òg. Orkan var der også. Leikebåt tåler ikkje så mykje. Storm og orkan blei stille. Ikkje lenger stille og hav. Død og hav. Død. Hav. Døde hav..
Så kom salt hav rennande frå auga.
.
.
Soundtrack: Maroon 5 - Misery








