Viser innlegg med etiketten randoms. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten randoms. Vis alle innlegg

26.07.2010

CH-CH-CHANGES

... TURN AND FACE THE STRANGE CH-CH-CHANGES
.
Tjohei, på høg tid med litt forandringar. For no iallefall.
.
.
Soundtrack: David Bowie - Changes (spotify)

27.06.2010

NEVER SPEAKING UP AGAIN

... IT ALWAYS HURTS ME, I'D RATHER BE A MYSTERY
.
.
.
Eg har tusen sommarfuglar i magen. Konstant. Tjuefire timar i døgnet. Sju dagar i veka. Du skjønnar poenget. Eg veit ikkje kvifor. Men eg klagar ikkje. Absolutt ikkje. Det er ganske herleg. Nokre er ikkje kule som dei andre. Eit par ting med den her sommaren kunne ha vore litt annleis. Nokre ting kjem eg til å sakne, og nokre ting kjem eg til å vere evig takknemmelig for. Kva det er? Det vil tida vise. Akkurat no ... er ikkje livet herleg, folkens?
.
Veit det er superblogging for tida. Unnskyldninga? Kameraet mitt er for første gang heilt utlada, og eg finne ikkje ladaren! Og eg har bedre ting å finne på.
.E
.
Soundtrack: John Mayer - My Stupid Mouth (spotify)

01.06.2010

DROPPIN' SO QUICKLY

... MAYBE I SHOULD KEEP THIS TO MYSELF
.
photo // priv, the last song
.
Han hadde for lenge sidan gitt opp å forutsjå framtida. Det brydde han ikkje. Han visste spådommar var meningslause, og dessuten kunne han knapt forstå fortida i desse dagar. Alt han kunne seie sikkert var at han var ordinær i ein verden som elska det ekstraordinære. Og openbaringa etterlot ham med en vag følelse av skuffelse over det livet han hadde leda, men kva kunne han gjere?
- Utdrag frå The Last Song (oversatt frå engelsk) av Nicholas Sparks
.
Når ein ikkje har ord, hjelper det av og til å bruke andre sine. Eg har tusen ting eg har lyst å få ut, tusen ord eg vil skrive, tusen tanka eg vil kvitte meg med, men ingenting eg kan dele. Skrivesperre trur eg dei kallar det. Eller kanskje alt-for-mykje-å-gjere. Eller .. du skjønar.
.
.
Soundtrack: Colbie Caillat - Fallin' For You (spotify)

27.05.2010

A PART OF SOMETHING I DON'T KNOW

... AND IF YOU TRY TO HOLD ME BACK, I MIGHT EXPLODE
.
photo // weheartit
.
Uventa, nye ting. Opplevelsar. Utfordringar. Noko utenom kvardagen. Eventyr. Ein veg som kan lede kor som helst, ikkje til skule og eksamen. Frisk luft som rensar sjel og humør, ikkje tung luft ein får hovudverk av. Ein morgondag som kan bringe kva som helst, ikkje gamle skulebøker. Berre uventa, nye ting og opplevelsar. Eventyr.
.
Soundtrack: Miley Cyrus - Can't Be Tamed

14.05.2010

WE JUST DON'T CARE TONIGHT

... WE DO WHAT WE WANNA DO AND WE GO OUR OWN WAY
.
graphic myspace at Gickr.com
Fantastisk Elvis-smil, eller kva?
.
Endeleg går det an å bruke solbriller uten at folk ser dumt på ein. Med mindre ein går med dei inne, så klart. Viss du går med solbriller inne, ser eg dumt på deg. Beklagar, men eg må berre sjå dumt på folk som ser dumme ut. Det er din feil.
.
Iallefall. Det er sol. Nesten. Eg høyre på fantastisk musikk, er ferdig med (nesten) alt stress som skal gjerast idag, og er klar for å kose meg resten av dagen. Det blir is og grilling ikveld. Ikkje heilt feil, kjenne eg no. Det blir godt å berre kose seg med gode folk ikveld!
ALTFOR LENGE SIDAN NO.
.
Soundtrack: Klaas - Our Own Way

21.04.2010

BRIGHT RED LIPS AND TEENAGE EYES

13.03.2010

I KNOW YOU - I SAW YOU ON FACEBOOK!

.
.
.

Har du nokon gong vore avhengig av noko? Nesten hatt litt tvangstankar? At du måtte trene tre gongar i veka. At du måtte drikke mjølk til frukosten. Eller at du måtte sjekke Facebook for å sjekke kva vennane dine gjorde?

Eg kan med handa på hjarte sei; been there, done that.

Eller kanskje til og med; am there, doing that. Eg veit ikkje heilt. Men det er skummelt kor vanedannande det er. Og det verste? For litt over eit år sidan, var eg ein av dei som ikkje visste korleis ein skulle oppdatere statusen eingong. Idag, derimot – har eg full kontroll over bileta, videoane og statusane til vennane mine. Eg veit kor mange poeng dei fekk då dei spelte Bejeweled Blitz, kor lenge det er til dei skal på jobb, og kor dei skal på fest i kveld. Etter eit år har eg blitt ein av dei som forbannar dei som sender Farmville-invitasjonar og seier ”Å, der er han der – eg er venn med han på Facebook. Såg du forresten det stygge bildet han var tagga i?”. No er eg ein av dei som sitte og ler av dei pinlige bileta deira dagen der på. No er eg ein av dei som høyrer Spotify-listene som dei har sendt til andre venner. No er eg ein av dei som sparkar av seg skoa og spurtar opp trappa etter skuletid, for å sjekke Facebook – for det er jo faktisk ein halvtime sidan sist eg sjekka. Det er vel kanskje sånt ein kallar avhengig. For, ja ... eg heiter Ann Helen, og eg er Facebook-addicted.

23.02.2010

DOES THE WORLD REALLY NEED ANOTHER LOVE SONG?

Soundtrack: Uncle Kracker - Another Love Song
(veldig, veldig braaa)
.
.
.
Du er så rar. Noko utanom det vanlege. Ein sånn ein stoppar opp for. Nemneverdig. Du er spesiell. Du er ikkje sånn som alle andre. Skiljer deg ut. Veit det kanskje ikkje sjølv, men du er det. Eg hatar det. Ikkje deg, men korleis du er. Måten du blir lagt merke til. Måten du ikkje bryr deg. Korleis du alltid er så sikker. Eg er ikkje misunnelig. Eg berre hatar at du klarar å lure alle med det. For eg veit at under sikkerheita, så er du eigentleg litt usikker ...

12.02.2010

LIVE IT LIKE YOU LIKE IT

Soundtrack: Sick Puppies - Odd One
.
.
berre eit meiningslaust bilde.
.
Endeleg er det den dagen igjen, og som vanleg er det sånn der følelse i heile kroppen. Og herleg er det. Fantastisk. Vanvittig herleg. Å kunne sove lenge. Å ete hemningslaust mykje sukkerhaldig mat. Å høyre meiningslaust høg musikk. Eg er trossalt tenåring. Ungdom. Og alt det der. Det er den dagen, den tida i veka, og eg skal høyre på den låta, eller den andre, eller kanskje til og med den her ...

27.01.2010

WHEN THE SKY IS GREY ...

Soundtrack: Takida - Curly Sue
(sangen for triste, trøtte, gråe dagar)
.
.
fregner og solbrente skuldrar. jordbær og grasbrann.
.
Sånt som blir sagt kvart år. Vinteren har aldri vore lenger. Eg elskar vinter. Men ikkje sånn som no. Ikkje regn, djupe dammar og skyer nedover øyra. Det funkar berre ikkje for meg. Gi meg ein halv meter snø, minusgrader og sol - då er det greit. Eller sol, tjue varmegrader og skyfri himmel. Helst sistnemnde no. Føler ikkje det er heilt feil med ein flybillett (til kor som helst utanom her) i postkassa no. Seie absolutt ikkje "nei, takk" til det. Seie forsåvidt ikkje nei til eit par timar søvn heller. No skal eg hoppe i loppekassa og prøve å sove vekk haueverken. Det føle eg iallefall ikkje er heilt feil.

03.01.2010

WHAT'S NORMAL?

Soundtrack: Katy Perry - Time's Up
.
.
No skal ting tilbake til normale igjen. Det gamle normale. For det som er no, er jo blitt normalt. Det er snart tilbake til alt som var før. Eg gler meg faktisk litt. Det er alltid godt med litt forandring, men ein finn nesten alltid ut at det som var før, var betre. Iallefall stemmer det som oftast med meg. Gode, gamle før. Det hadde blitt bra, trur eg. Viss ting blir akkurat sånn som det bør vere. Eg trur det nye året skal bli ganske bra. Litt nytt, litt gammalt.

24.12.2009

CHRISTMAS IS ABOUT LOVE

Soundtrack: Cascada - Last Christmas
(ja, eg lo litt av meg sjøl når eg tok meg i å faktisk like den)
.
Så er det den dagen igjen. Same dagen som det var for eit år sidan. Året før det òg. Og for fem år sidan. Kan ikkje tru at eg sitte her igjen igrunn. Eg har fortsatt den følelsen i magen som eg hadde for ti år sidan. Litt sommarfuglar, litt kribling. Kanskje den tida på året ein verkeleg kan kose seg med alle ein er glad i. Og eg elskar det. Det her er så utruleg herleg, og eg håpar alle har det like fint som meg idag og resten av jula. God jul, alle fine og små!

30.11.2009

ALL I WANT FOR CHRISTMAS IS EVERYTHING

Soundtrack: David Choi - Won't Even Start
(supahpowah in da enlishclass, liksom)
.
Eg veit jo at det er veldig mange som er glad i meg, og har store problem med å fundere ut eit eller anna å spandere på kjært barn til jul. Vel, alle saman - eg har løysinga på problemet. No er det slutt på svette hender og feber. Eg har nemleg brukt litt av mi verdifulle tid på å søke opp smarte ting på google, og sett saman eit mesterverk av ønske i Picasa. Love me.
.
Snowboard (1), etter at det har stått på ønskelista i over fem år no, burde ein eller anna begynne å ta hintet. Kule huer (2), dokke vil jo ikkje at eg skal bli sjuk. Telelinse eller vidvinkel (3). Låge Converse (4). Bergans boblejakke(5), som sagt - dokke vil jo ikkje at eg skal fryse. Koss Headset (6), eg treng nytt - igjen.
.
Så frå no av, reknar eg med å få alt eg har ønska meg. Og viss nokon spørr, ja. Då veit eg jo kva eg skal gjere. Sjekk bloggen min, kjem til å bli ein velkjent kommentar.

28.11.2009

ABOUT SATURDAYS

Soundtrack: Jay Sean - Lights Off
(ganske ny sang og ganske fin sang)
.
Idag er ein sånn laurdag der tida går veldig fort og vintersporten har begynt. Ein sånn laurdag då mamma har hengt opp julegardiner og vi har ete graut sånn som vi alltid gjer. Så er det ein sånn fin laurdag der Melodi Grand Prix Jr. er på NRK, og eg er med tullingane - akkurat sånn som eg pleier å vere. Men det rare med den her dagen, det er at eg har lese om idrettsskadar og ryggøvingar. Om det velse krinsløpet og det store krinsløpet. Så er det ein sånn dag der dei finaste bileta er tatt under vatn, slik dei alltid er.
.

24.11.2009

DAY LIKE THIS

Soundtrack: Cobra Starship - Hot Mess

Så var det den dagen igjen då. Dagen før dagen eg har gleda meg til lenge. Men når alt kjem til alt, gledar eg meg ikkje like mykje likevel. Når klokka passerer midnatt, er det slutt på å betale barnebillett på bussen og alle andre plassar, skulde på åra når nokon konfronterar meg med at eg ikkje har jobb. Og, det er slutt på å kunne sei "Eg er lykkeleg som liten" - utenom på høgda. Imorgon startar livet som voksen på bussen, voksen på kino og voksen bak rattet.
.
Nei. Eg vil ikkje vokse opp. Eg vil vere fem år for alltid. Og så vil eg kunne gjere barnslige ting uten at folk bryr seg. Nei. Gløym det, forresten. Eg kjem til å vere barnslig uansett. Eg er kanskje voksen i alder, og kanskje litt utanpå - men eg kjem alltid vere liten i hovudet.

19.11.2009

EVERYOTHER CHEESY CLICHÉ

Soundtrack: Chester See - God Damn You're Beautiful
(heile greia er eigentleg fantastisk fin)
.
20080726005219
.
No er eg skikkelig trøtt. Ærleg talt drittrøtt. Sånn trøtt at det gjer ilt inni meg og at ingenting står stille. Alt berre surrar rundt og ingenting er eigentleg heilt forståeleg. Eg har nesten ikkje sove sidan forrige helg. Ikkje skikkelig iallefall. Ikkje sånn lenge sånn eg vil. Ikkje sånn godt og rolig som eg bør. Men det går bra. No er det så godt som helg, og alt er innlevert - for no. Snart er det fleire innleveringar og altfor mange prøvar. Men det går bra, for det er snart jul.
.

08.11.2009

LINED WITH A FINE MESS INSIDE

Soundtrack: Second Serenade - Your Call
.
Innimellom håpar eg at det skal regne. Eg elskar å hoppe i sølepyttar, men gjer det aldri. Neste gong det regnar, skal eg ut. Ut og tulle. Ut og le. Ut og bli våt.
.
Så blei helga ganske fin likevel då. Ganske. Alltid noko som ikkje går, men alt i alt vart ting ganske vellykka. Eg har møtt og snakka med folk eg ikkje har sett på lenge. Folk eg har sakna, og folk eg ikkje trudde eg sakna. Vore plassar eg ikkje har vore på lenge, og plassar eg ikkje visste eg sakna. Og så har eg vore med tullingane eg saknar kvar einaste dag, og det var jo sjølvsagt det finaste med heile helga.

04.11.2009

STOP THE WORLD AND LET ME THINK

Soundtrack: Kristina DeBarge - Future Love
(fine, fine. herleg)
.
Den her veka har gått så utruleg sakte, og eg veit ikkje heilt kor eg skal gjere av meg. Eg har liksom ingenting å skrive, ingenting å gjere, ingenting å tenke. Ting er så utruleg rart for tida. Ein dag er det heilt fint, og livet kunne ikkje vore betre. Så dagen etterpå er det ein sånn dag der eg ikkje vil stå opp eingong. Idag er ein sånn dag der eg har utruleg haueverk og ingenting er bra - eigentleg. Så er det nokon ting som er litt bra likevel. Det er bra.

31.10.2009

USE THE FROST

Soundtrack: Goleo Vi ft. Lumidee - Dance
(sa nokon gladsang? i think yes)

Dette her er mitt bidrag til fotokonkurransen til Vilde Johnsen.
.
Det er Halloween. Ein av dei beste unnskyldningane for å kle seg ut. Eg elskar det! Eg skal vere pirat. Berre for moro skyld. Skal berre til Sanne, ete utruleg mykje godteri, sjå skumle filmar og litt av kvart. Eg satsar på (og veit) at det blir ein super kveld!

28.10.2009

IF YOU CAN ME ME FEEL OK, COME ON

Soundtrack: Missy Higgins - Where I Stood
.

.
Greit nok, eg har ikkje noko djupt og meiningsfullt å dele med verda idag. Eg kan derimot meddele at eg skalv og fraus store delar av tida frå 07.30 - 13.50 idag. Ja, eg er for at folk skal vere flinke i trafikken og sånt, men he-rre-gud. I die.
.
Eg føle meg ganske sånn no; som eit takras. Eg er kvalm. Eg fryse fortsatt. Eg er trøtt. Eigentleg skulle eg ha sove, tatt ein lang dusj eller gjort noko anna fornuftig. For eksempel henta kjolen eg har lagt av. Dessverre må eg gjere lekse. Det betyr at eg ikkje får den kjolen. I die.
.
No skal eg gå å drukne i mi eiga medlidenhet.

EDIT:
For å gjere meg glad, send FOSTEM (mellomrom) 5 til 2005!