28.06.2009

painter man, painter man

Soundtrack: Boney M. - Painter Man
Eg har fått den på hjernen, men den passa dessuten bra til dagen.
.
Eg kjenne eg har tendensar til rastlausheit i meg. Idag har eg måla heile rekkverket - frivillig. Eg har vaska av meg målinga med whitesprit to gongar, og bada rundt fire. Den resterande tida har eg brukt i skuggen.
På ein måte har eg skikkelig lyst heim, på ein anna -føler eg at eg hadde trengt å vore her eit par dagar til. Av og til er det litt kjekt å vere heilt aleine og berre gjere litt mindre enn vanleg. Men; on the other hand - det kan bli for mykje av det gode.
.
Tomine hadde spurt meg kortid eg rulla heimattover. Skulle nesten tru ho hadde montert eit kamera her ein plass. Viss eg ikkje har andre ting å gjere på, kan du godt finne meg i ein stol - etande. Dette har jo sin pris. Til mitt forsvar, så treng ein meir mat i varmen, fordi ein svettar meir (og i mitt tilfelle; forbrenn meir - pga aktivitet), og derfor kvittar ein seg med salt osb. Derfor er det viktig å fylle på ofte. Med både salt og søtt. Og så klart er det viktig å drikke mykje, spesielt vatn.
Anyhow, for å svare på spørsmålet; eg rullar heimover enten på tirsdag eller seint mandagskveld med mamma. Eg reiser kanskje oppatt, og rullar heim igjen igjen med mitt kjære sysjenborn på onsdag eller torsdag - etter ein fin svømmetur, så klart. Men - eg er endå ikkje sikker, så kven veit? Du kan finne meg enten her - eller der.
.
.
Btw (o pe ku - intern), eg hadde tatt nokon knakande fine bilde til dokke, for å illustrere idyllen her. Eller, so bra det blir med mobilkamera (fordi Britten har minnebrikka mi i Bulgaria). Anyway; eg finn ikkje kabelen, som eg veit eg hadde med, so det blir knapt med bilete på dokke.
Be-klagar!
.
.
Kos dokke/dåke/dykk/deke/deka i varmen! :)

4 kommentarer:

Ingunn FM sa...

SV: Tja, hadde det vore februar og is på elva hadde eg vore litt meir motvillig til å bade! ;-) Men - om sommaren trur eg ein lyt vere temmeleg brød om ein ikkje tykkjer om det. <3

Karen sa...

Haha. Du har sinnsjukt morosamme innlegg.
Be te dobbeltve; Rull heimover snart, og rull meg med deg :D

Sara sa...

DEN ER EG MED PÅ!!! :D Saknar deg

kamilla sa...

SV: har du og fantastisk humor? :D

Legg inn en kommentar

SHOUT IT!