01.06.2009

sonreír - sorriso - le - χαμόγελο - sourire - mosoly - усмивка

Ja - SMIL, for det er sol. Den er offisielt sommar og det er sol! Det er HERLEG!



Turgåing. Konfirmasjon til Hege. Heile to besøk hos Karen. Meir enn vanleg. Bevis på at Tomine er verdens beste venn. Karen og dei held truede dyrearter på boks, fordi dei er redd for at dei skal dø ut. London-oppgåve. Reed. Bilkøyring. Herleg. Det var ... mai '09!


Eg har sett HANNAH MONTANA - THE MOVIE på kino,
og den var faktisk veldig bra. Kanskje fordi eg hadde veldig låge forventningar, men den var utruleg søt. Skikkelig søt. Feel-good. Bedre enn serien! Verdt å sjå, syns eg.

Eg har sett MARS OG VENUS på dataen/dvd,
den var greit rar, og grei underhaldning. Den var pittelitt søt òg, men mest rar igrunn...

Eg har òg sett HITCH fordi den gjekk på NRK igår,
og den ... den var dritsøt! Will Smith er sjarmør, syns eg. Romantisk komedie, sa du? Yes, I believe so. Ein übercute, romantisk komedie - vel og merke.

So har eg jo sjølvsagt vore i FØRDE og på REED, to plassar med ein fin plass i hjartet mitt. Ikkje Førde som by, men som ein plass å slappe av - ilag med to/tre av dei personane eg likar best. Og so var eg til Reed, verkeleg .. sumar. Eg klarte jo sjølvsagt å pådra meg ei litt verre solbrenning (?). Huda mi gjekk frå å vere rosa/kvit til å bli sterkare rosa/svært raud. Men, eg overleve. Eg klarte iallefall å bli like solbrent på ein dag, som ein person som har vore i Syden i to veker klarar. Neida. Joda. Neida. Joda. Sodaso.


Eg klarte å ødelegge den finaste pyntedyret eg hadde idag. Dumme, dumme bag ...
.
.
.
.Har noken fine folk musikktips til ein solbrent stakkar? :)
Eg må ha feelgood-songar og sumarmusikk til iPoden min ..

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

SHOUT IT!