10.07.2009

Da' e countryfestival på Breim!

Soundtrack: Brad Paisley ft. Allison Krauss - Whiskey Lullaby
.

Etter heile to dagar utan nett heime, har eg fått tid til å slå plen, sett to filmar, lese litt bok, og sett mykje tv med pappa. Og - for ikkje å gløyme - eg har fått tid til å vere grenselaust forkjøla.

.
Eg må nesten gå litt nærare innpå den plenslåinga. Eg hadde slått to og ein halv av tre plenar, då eg nærma meg ein kant. Eg fekk beskjed om at eg ikkje trengte å slå der, og blei endå meir forbanna enn eg var frå før. Flugene surra rundt meg. Eg tok av meg headset'n og slo etter flugene. Plenklipparen var sjølvsagt ikkje av, og drog seg sjølv der den ville. Den velta, rulla rundt, og tok eit par salto ned steintrappa. Not good, tenkte eg då eg såg diverse delar her og der. Heldigvis, enda det bra. Den funkar faktisk betre no enn før. Stress meg ikkje - eg gjer tappar så fort eg kan!


.Uansett, so er eg like heil som før. Forkjølinga sit godt i endå, faktisk endå betre enn for to dagar sidan. Eg seier meg litt skeptisk til kveldens opptreden av Vassendgutane, då eg ikkje kan vere med å synge fullt så mykje som tidlegare år. Håpar kvelden blir flott likevel, noko eg ikkje tvilar på igrunn. Minnerikt blir det nok uansett kva som skjer. Sjølv om eg er meir eller mindre redusert, har eg pussa bootsa og funne fram cowboyhatten (prøv å sjå det for deg iallefall), og er meget klar for countryfestival no!
.

For alle dokke som har venta i lengsel og spaning;
Eg kom faktisk inn på media på Jølster!

1 kommentarer:

Karoline Bj sa...

Gratulere med at du kom inn på Media ;-)
Whiskey Lullaby er forresten nyydeli!

Legg inn en kommentar

SHOUT IT!