17.08.2009

FRIDAY, I'M IN LOVE

Soundtrack: Cascada - Evacuate The Dancefloor


Eg har ikkje tenkt å beklage meg for fråværet på bloggen siste veka - fordi det er min blogg. Ikkje trur eg nokon har sakna det særleg heller. Viss det førekjem seg at du sit frustrert framfor dataskjermen med svette hender og dunkar hovudet i bordet, då skal du få lov til å ringe meg, så skal eg kanskje vurdere å skrive eit blogginnlegg til deg.

For første gong og for eingongsskuld kan eg skryte av at eg har vore ute og "levd" livet istadenfor å sitje foran dataskjermen. Ikkje levd i den forstand å ha det hemningslaust kjekt, heller vore smart og gjort slik at eg kan ha det kjekt seinare i livet (djupt). Eg skal heller ikkje trakke adjektivet `kjekt` på tærne heller, for kjekt har det jo vore!
.
Photo: Henri Cartier-Bresson , google. Fordi vi såg film om han idag.
.
______________________________

Eg var svært, meget, særs, ekstremt skeptisk og spent på den her dagen. Men; alle folka virka veldig hyggelege, linja virka bra òg. Vi får kvar sitt kamera, når vi trenge det sjølvsagt, mange turar, og slikt. Allereie neste veke skal vi på tur og ta bilde. Trur det blir artig, sjølv om eg er litt skeptisk. Etter det læraren vår sa, virka det som vi skulle bu under ein stein eller noko sånt. Det kan jo hende eg misforsto òg - forhåpentlegvis.

Photoshop er min nye bestevenn, sjølv om eg ikkje skjønar alt så godt då! Vi har hatt pittelitt Photoshop, og eit eller anna Camera Raw - eller noke sånt. Eg veit ærlegtalt ikkje heilt. Artig er det no, likevel!

Eg likar forresten at det er kantine her, og at dei selge mat - og at dei tar kort. Høyrest muligens ut som eg aldri har sett mat før, men shit - på "gamleskulen" var jo kantine framandord.
.
Det her er skrive litt gjennom veka, blandt anna første dagen.
______________________________

.
Eg er så glad det er fredag. Veka har vore lang, men på same tid gått veldig fort. Eg skal bruke helga til å sove mykje, ta mange brae bilder (prøve iallefall) og kose meg så mykje som mogeleg. Trur eg skal ofre ein av dagane for litt kvalitetstid med Karen, for eg har faktisk sakna ho!
.
.
Kos deg, heilt til eg ofrar eit par bokstavar for deg igjen!
Beklagar for mykje, mykje tekst idag... Det kan eg beklage for!

10 kommentarer:

Kristine sa...

Photoshop er diggg :)

condre sa...

det er godt å bare leve livet noen ganger også vett :D

Kristine sa...

Jeg sier det samme som Condre =)

Kristine sa...

SV: Hehe, jeg liker Ed Hardy jeg :) Men ikke skjorte, caps, bukse osv osv, det blir for mye :p

kamilla sa...

SV: JAAA :D
håpar du trivst på ny skule. og eg er så samd i det med kantine. haha :)

Marianne sa...

Deilig å leve livet en gang i blant ja:D

fridamarie sa...

digget headeren :)
fin blogg

Johanne sa...

Eg og! Kan ikkje fordra å vere hos tannlegen. Så bruka å vere flink med å pusse, tanntråd og sånn skylleting:) Kor du går på skule forresten?:)

Annelin sa...

Eg kunne ikkje vore meir einig! Blogg er jo skriving, så å kunne skrive burde jo vere elementert. Korleis er livet på Mo og Jølst? :D

Annelin sa...

Det er jammen bra, satsa på det helde seg sånn då :D
Haha, nei, det skjønna eg at ein ikkje vil! Mo liksom... (Frysningar). Veit ikkje heilt om eg skal ta det som eit kompliment altsoooo! Helse og sosial er jo... Helse og sosial ;) Men likar meg veldig godt ja :D

Legg inn en kommentar

SHOUT IT!