09.08.2009

NO SLEEPIN' BEAUTY

Soundtrack: Kate Walsh - Your Song

Photo: Ezra Caldwell

Tenk å kunne sove no. Ligge langstrakt i senga. Dyna surra rundt kroppen. Hovudet mjukt plassert på puta. Auga lukka igjen. Berre lyden av lufta susande inn vindauget og pusten til den som søve. Herleg ...

Eg sov minimalt inatt. Etter ein lang kveld framfor tv ilag med søstra og typen, la dei seg. Eg såg litt meir tv før eg tok med meg dataen opp og såg ein film. Omsider, klokka vel passert tre, la eg meg. Det var jo umulig å sove. Eg var ikkje trøtt. Etter ein heil del rabalder, sovna eg. Litt seinare kom Britten og noken av vennane hennar inn. La igrunn ikkje merke til det, før dei snakka i stova. Dei snakka høgt. Eg var trøtt. Eg gjekk inn til Britten og spurte om ho kunne be dei vere stille, men ho sa eg skulle gjere det sjølv. Som sagt, eg var trøtt. Eg trampa ned trappa, og hadde ikkje akkurat problem med å få fram dei orda som passa meg best;

"Kan dokke enten reise heim eller holde kjeft!?"

.

Eg trur eg må henge opp eit skilt på døra mi. Noko om at eg ikkje er så grei når eg er trøtt. Dangerous when tired. Warning! Stay away after sleeping. Eg trur det kan slå an, eg.

Världen är bra liten ibland. Benen bara gick sin väg när jag fick syn på dig. Ibland vill jag berätta hela historian, men det tjänar inget till. Behöver inte bevisa något för någon. Ni som lyssnar på hans skitsnack får väl göra det, jag kan inte bry mig mindre. -Emma Holmvall

5 kommentarer:

ingeborg albert sa...

off hater når noen bråker når jeg skal sove! hah et skilt hadde sikkert gjort sitt det;)

Ingunn FM sa...

That settles it; om eg nokon sinne får meg ein utestad nokon plass - så skal du få jobben som utkastar!

Sara sa...

HAHAHA, dei orda passa deg faen meg bra, snuppa!! :D

Silje sa...

SV: jaa, eg har lyst tilbake! :)
haha, såg det no på headeren din, kult :p

Karen sa...

Sv; Neeesten alle :-D

Legg inn en kommentar

SHOUT IT!