Soundtrack: Nicolai - Lær Mig Hvordan (link)
(skal ikkje påstå eg forstår alt, men fy - så fin)
.
.
Eg har det eigentleg veldig bra for tida. Kan absolutt ikkje klage. Jo, det er eit par ting eg får lyst å sende inn ei meir eller mindre sint, skriftleg klage om innimellom - men stort sett har eg det igrunn ganske bra! Noken ting skulle eg ønske var annleis, men eg har funne ut at det er dei sakene eg ikkje har flest fingrar med i spelet på. Derfor eg lar rett og slett dei sakene vente på seg og lar andre ordne opp. For eg kan ikkje alltid fikse alt, det har eg lært meg no.
.
Ein stk happycat som ikkje passar hodebandgreier.
.
Grunnane til at eg har det veldig bra, er blant anna at eg har heilt sjukt fine folk rundt meg. Eg blir rett og slett stolt. Noken folk har heilt sinnsjukt store ting på gang, som ein berre må bli stolt av og andre folk er rett og slett berre fine. Så skjer det veldig masse bra for tida òg.
.
Tenk det, optimist heilt inn i hjarterota, sjølv om eg mista alt eg jobba med i eit par timar!


2 kommentarer:
Hehe, takk, det er ikkje ferdig ;) det klikker litt for meg når eg driver med det, for av og til går det ikkje..
hoho :)
Så bra at du har det bra da :) Man skal være optimist, selvom ting ikke alltid er like kult :)
Legg inn en kommentar
SHOUT IT!