09.09.2009

YOU'RE NUMBER ONE

(den her er så ufattelig nydelig)
.
.
Alle har ein eller fleire personar som betyr meir enn andre. Eg òg. Dei blir ein del av deg. Ein del av den du er. Ein sånn del som du ikkje klarar deg utan. Ein sånn livsviktig del som du berre må ha. Sånn du ikkje overlever utan. Sånn som luft. For du kan ikkje leve utan det. Det må du ha. Uansett.
.
Så var det eingong sånn at tida går og verda snurrar. Ting forandrar seg. Nye ting kjem, og nokre gamle ting blir litt i skyggen. Litt støva ned liksom. Litt sånn som leikane frå då eg var lita, som ligg på loftet heime. Nokre gamle ting overlever ein ikkje utan. Nokre gamle ting lærer ein seg å leve utan, sånn som leikane. Nokre ting veks ein ifrå, sånn som leikane. Så er det dei delane av deg. Dei delane ein ikkje kan leve utan. Du lærer deg liksom å leve litt utan dei. Ikkje heilt likevel. Litt.
.
Ingen kan erstatte det du har. Ikkje det som betyr noko. Ingenting kan erstatte det du elskar mest av alt. Ikkje eingong noko nytt. Spennande. Ikkje dèt. Klart du får nye delar. Delar som òg vil få ei betydning. Det er dei delane du har gjennom heile livet som verkeleg betyr noko.
.
.
Du må ha vore gjennom litt, for å vite kven som verkeleg betyr noko...
.
Eg syns alle bør tørke støvet at dei gamle leikane på loftet. Tørke støvet av dei tinga du har gløymt. Det er ofte dei som er kjekkast å ha når alt ikkje er så fint. Då er det fint å ha sånne. Sånne gamle ting som du alltid har hatt. Sånne ting som alltid får deg til å smile. Sånne ting som varer heile livet.
Sånne ting som verkeleg betyr noko.

8 kommentarer:

Johanne sa...

Eg må alltid ha gamle gode sanga fra coldplay som eg kan tesken på eg, for det er sånn kosemusikk som eg berre bruka i bakgrunnen, og då går alt supert!:) Eg syns heilt nye sanga er heilt forferdelig å bruke, for då lytta eg til teksten og konsentrera meg heller om den eller leksene;p

kamilla sa...

SV: takk, ann helen! no vart eg so og sei veldig glad i deg :)

Karen sa...

:( Sorry :( <3

Sara sa...

Aww!! Tåre i augene!

Hilde sa...

Så fint et innlegg :) Nå må jeg titte litt mer på bloggen din.

kamilla sa...

SV: eg hadde faktisk gjort det om _du_ hadde laga. for eg vart skikkeleg snopesjuk og selskapssjuke no :)

Johanne sa...

Takk:)

Kristine sa...

Herlig innlegg <3
Hos meg er det gammel musikk, som jeg hørte på for mange år siden jeg må laste ned for å få gode følelser i kroppen :)

Legg inn en kommentar

SHOUT IT!