17.10.2009

IF YOU'RE FUNNY I'M FUNNY

.
.
Du er så rar. Ikkje rar. Spesiell. Litt annleis kanskje. Ikkje heilt som alle andre. Du har ikkje på deg sånne kle som alle andre iallefall. Eg veit ikkje om du er annleis. Du verkar iallefall annleis. Du ser annleis ut. Eg trur du er annleis. Eg har aldri snakka med deg, men eg trur det. Det ser sånn ut. Du er berre litt rar. Måten du er på er berre litt rar. Eg må sjå på deg. Klarar ikkje halde auga vekke. Du berre er litt sånn. Fangar blikket mitt. Det er heilt herleg. Å feste blikket på deg. Så roleg. Så spennande. Så rart. Annleis. Eg skulle ønske eg visste det. Om det var sånn du var. Om du var rar. Om du var spesiell. Om du berre var litt annleis. Eg veit ikkje. Kanskje eg aldri kjem til å få vite det. Det veit eg ikkje. Det gjer ingenting. Av og til er det litt spennande å ikkje vite. Litt skummelt òg, men mest spennande... Eg såg deg idag. Du gjekk forbi vindauget. Sånn roleg. Litt stivt. Kanskje fordi det var kaldt. Det gjorde ingenting. Du ville vere ute. Så såg eg det. Du var ikkje annleis likevel. Ikkje spesiell. Berre rar. Veldig rar. Dumt rar. Du gjekk med ein kvit og gul ting i handa. Sånn der ting eg ikkje likar.
Då ødela du sjansen. Du gjekk kanskje glipp av noko der. Eg òg. Vi gjekk kanskje glipp av noko idag. Kanskje vi skulle vere rare ilag. Spesielle. Eller berre litt annleis...
.
It is easier to forgive an enemy than to forgive a friend. When I found out how you messed me about, I was broken. Back then I believed you, but now I don't need you no more. Now I couldn't care, 'bout who, what or where. We're trough.
Blant anna frå Pixie Lott - Cry Me Out.

5 kommentarer:

Siri-Ann sa...

Ann Helen!!! <3 love it. Elsker måten du skriver på, så hemmelighetsfult!

CHRISTINAFRAAS sa...

så fint du skriver!

Anonym sa...

Hva er den hvite og gule tingen? ble utrolig nyskjerrig nå =P

Ingunn FM sa...

Kjære folk, han/ho/det som gjekk forbi vindauget ditt høyres utruleg spennande ut! :-D

SV:
Ååh, er godt eg har nokon som ventar på innlegga mine, altso! :-D Makes me happy!

Ja, sant? Dagfinn er nok awesome uansett kor i salen ein sit, altso! :D Moro i frå første til siste sekund. :-) Var skikkelig sjovt å sitte på fremste rad! Og det rare var at vi hadde kjøpt ekstrabilettane, liksom!

Kristine sa...

Har fått helt dilla på Pixie Lott selv <3

Herregud så fint du skriver! Blir nysjerrig vil vite meer :D

Legg inn en kommentar

SHOUT IT!