Soundtrack: Katy Perry - One Of The Boys
.
Eg har eit par ting eg berre må skrive om før det er for seint. Før eg gløymer det, altså.
.
Norge blei kåra til verdens beste land å bu i igår, sa mamma. Eg skjønna det godt - viss ein tenkjer kor mykje pengar vi har og velstand og slikt. MEN (det er alltid eit men), eg kan verkeleg ikkje forstå det viss ein tenkjer i menneskelege baner. Fy, så mange slemme og uhøflege folk det fins i Norge. Klart, det har sine unntak, men eg vil tru Norge hadde tapt med glans i forhold til England viss dei såg på berre menneska.
.

Det skal alltid vere fire. Minst. Det er eit fint tal. Og alltid viss det er fire, er det nokon fine folk der. Det var det igår. Fire fine folk. Oss fire, nemleg.
.

Det regnar kattepusar ute. Derfor har eg tilbragt heile dagen ute og prøvd å få itak i ein. Dessverre blei det ingen kattepus på meg, berre ein heil masse regn. Nei, eg har sett tv og ete om ein anna idag. Men eg skulle ønske det regna kattepusar.
.
.Kristine Fargerik har konkurranse på bloggen sin. Om du har lyst å vere med i konkurranse eller ikkje, eg syns du bør ta deg ein tur og lese ei lita stund. Det her er nemleg ikkje sånn der smisking for å vinne ein konkurranse. Nei, det her er ein rein og skjær blogganbefaling.
.
.
Nok eit rotete innlegg med altfor mykje innhold på eingong. Og det var vel alt frå meg på ei lita stund. Håpar eg. No skal eg nemleg nyte haustferien til dei heile og fulle. Herleg musikk på øyra, gode bøker og fine filmar. BON VOYAGE!


16 kommentarer:
SV: Ohyes, viktig å samle sympati etter ein så traumatisk busstur! ;-)
SV: ikkje? du er søt!
kanskje eg berre skiftar blogg?
- det er han så absolutt. hot stuff indeed.
Amen to that! Norge er kanskje verdens beste, men ikke nordmenn.
tror ikke norge er verdens beste land å bo i. Penger er jo ikke alt:)
digg sang!
SV: Det er bra! Like the guts, altså! ;-D
SV:
Ja, han er skikkelig knall! :-D
tvi,tvi med konkurransen ;)
SV: aww! føler det same (sjølv om eg ikkje er så flink på å kommentere)..
enig med de over. jeg vil flytte fra norge når jeg skl studere! lett!!!!
no har eg laga meg bloglovin' : D
SV: jag e byrjad igjen. unnskuld svensken min. hahha :p neidå. men eg er begynt å blogge igjen :)
Haha, nei, den trua levde eg i òg i sånn tolv år, før eg fekk høyre at ein skulle ete både nudlane OG krafta! Det er ein sjuk verden, altso. ;-)
Sv: ja, får håpe hun har det bedre nå :)
SV: Haha, thank you! :-D Slike kommentarar som gjer blogging moro! :-D
: ) og du har ein til.
Legg inn en kommentar
SHOUT IT!