02.11.2009

GROWN UP CHILDREN

Soundtrack: Dj Boonie - Close To You
(finaste sangen. så utruleg mange minner)
.
(top model, cycle 12. redigert i picasa)

Kva skjedde med å aldri vokse opp? Eg skulle aldri bli voksen. Eg skulle alltid vere liten. Hoppe tau, klarte i tre. Eg skulle iallefall ikkje slutte å sjå tegneseriar på Cartoon Network. Eg kan trøste med at eg ser på Disney Channel halve helga og hoppar på dei kvite stripene på gangfeltet.
.
Kva er det som skjer med at alle plutseleg er voksne? Eg føle at det var igår eg klaga over at alle var så teite og ikkje kunne oppføre seg. Veslevoksen var vel ordet. Kva skjer med at eg plutseleg ser på gjengen som er yngre enn meg og lurer på kvifor dei absolutt vil oppføre seg så voksent og prøver så desperat å sjå så voksne ut?
.
Eg lurer på kortid hoppetau blei bytta ut med iPod. Eg lurer på kortid slikkepinnen blei bytta ut med røyk. Eg lurer på kortid julebrusen blei bytta ut med øl. Kortid ting forandra seg sånn, lurer eg på. Kortid forandra alle seg? Kortid blei ungane født voksne?
.
Eg veit ikkje. Rett og slett. Eg anar faktisk ikkje korleis det blei sånn. Korleis alle sklei frå kvarandre og nokon kom nærmare. Korleis nokon blei falske, og nokon blei vennar med andre. Korleis nokon ødela livet sitt for godt og andre gjorde livet betre. Kva skjedde eigentleg?
.
Gjer nett kva du vil. Eg skal irritere meg over kor idiotisk du er. Men ikkje kom å tru at fordi du er så tøff, at det hindrar meg i å hoppe på dei kvite strekane på gangfeltet. Eg har tenkt å vere liten heilt eg vere voksen.

9 kommentarer:

Karen sa...

Eg har herverd joina klubben din! :D

pIngu FM sa...

SV; Nei, eg skal slett ikkje klage! :-D

Og eg har ikkje bytta ut julebrusen endå! Ein kan aldri bli for gammal til å drikke julebrus; in that case skal eg halde meg liten saman med deg i lange tider endå!

pIngu sa...

SV;
Det passar meg ypparleg, altså! ;-)

Jo, takk for det! Mamma var ikkje heilt einig, og slengde ut eit kjærleg; "Nei, gu`, der var du ekkel!", så - delte meiningar om det der, altså! ;-)

Mira sa...

Fint innlegg, det syns jeg.

Sanne Slåtten sa...

Ahh.. Du skrive såå fint!

HILDEM sa...

Det rare, og ironiske, er at ihvertfall jeg da jeg var mindre drømte jeg om å bli "stor". Kunne dra på fester, fylle 18 år og bestemme over meg selv. Og nå som jeg har blitt det, har jeg bare lyst til å være pappas lille jente igjen.

Du har så mange fine innlegg, jeg setter virkelig pris på dem :)

jenta framfor sa...

Ann Helen, du skriver så følsomt og fint! No fikk eg frysningar! Hilsen jenta framfor deg.

Kristine sa...

Gåsehuud!

HILDEM sa...

Du er faktisk den på bloggen min som er flinkest til å kommentere. Puss på deg, søte pike :)

Legg inn en kommentar

SHOUT IT!