22.11.2009

I'LL LOOK BACK AND SMILE

(eg gir opp. det her er det finaste, uansett. ja, faktisk)
.
Ein vegg full med minner.
.
Aldri sjå tilbake. Tull. Det er faktisk berre tull. Sjå tilbake. Sjå tilbake på alt du har gjort. Alle gongane du har fått skrubbsår på knea, komt deg opp att og har sprunge vidare. Sjå tilbake på alle gongane du har ledd ilag med vennane dine. Og sjå tilbake på alle gongane du trudde du aldri skulle komme deg vidare, men greidde det likevel.
.
Du har heilt sikkert eit eller anna forferdeleg i fortida, men du kan ikkje gløyme det. Du kan ikkje gløyme alt det vanskelege. For viss du gløymer det, må du gløyme alt det andre òg. Enten alt, eller ingenting. Du hadde ikkje vore den du er idag, viss det ikkje hadde vore for alt som har skjedd deg i fortida. Så for all del, sjå tilbake. Alltid. Sjå tilbake på alt det fine. Sjå tilbake på alt det du skulle ønske ikkje hadde skjedd. Det er det som skapar deg. Det er derfor du er den du er. Og det er den du skal vere. Så sjå - sjå tilbake, og ver stolt av alt du har gjort, og den du er idag.

5 kommentarer:

Annelin sa...

Heilt ubeskriveleg fantastisk nydeleg. Made my day! Det var som skreddarsydd for dagen :)

pIngunn sa...

SV: Nett so Marit, det! Runs in the family? ;-)
Believe me; eg kjeme til å gjere det neste gong!

siriann sa...

sv; ja hadde eg berre hatt den motivasjonen i forrige veke, haha :)

som sagt; love the way you write :)

Hilde sa...

I love you, du er genial. :)

Kristine sa...

Sant så sant, fortiden har vært med på å forme alle og en hver, derfor er det viktig å ikke glemme og alltid se tilbake :)

Legg inn en kommentar

SHOUT IT!