16.11.2009

THIS DISEASE CAN'T BE CURED

Soundtrack: Simple Plan - Perfect
(eg elskar den her sangen. har mange minner i den)
.
Det fins folk som seier at nynorsk er ein sjukdom. Heilt ærleg, anar eg ikkje kva dei snakkar om. Eg har alltid skrive nynorsk. Eg elskar å skrive nynorsk. Vokst opp med det, og eigentleg aldri skrive noko anna. Likevel, klarar eg å skrive bokmål like godt som nynorsk. Kvifor? Fordi eg har lært det. Vi måtte lære å skrive bokmål - fordi det var sidemålet vårt. Så eg lurer på; Kvifor skal det vere så vanskeleg for folk som har bokmål som hovudmål å lære nynorsk? Det er akkurat same saken. Ikkje kom her å fortell meg at det er vanskelegare å lære nynorsk. Så vanskeleg er det faktisk ikkje. Å påstå det er jo faktisk å påstå at alle som har bokmål som hovudmål er dummare. Og er dei det? Det tvilar eg faktisk på.
.
Kom iallefall ikkje her å sei at nynorsk er ein sjukdom. Det er det absolutt ikkje. Det norsk. Ikkje norsk-dansk. Sånn ser iallefall eg på det. Og skal det absolutt vere ein sjukdom, så vil eg vere sjuk. Eg er stolt av å skrive nynorsk.
.
Bank i bordet.

8 kommentarer:

Hilde sa...

Simple Plan har faktisk mange fine sanger de. :)

Og nynorsk er vakkert, men samtidig rart. Skulle ønske jeg var flink i det though :)

Iselin Pettersen sa...

Syns selv jeg ikke kan noe nynorsk, men fikk faktisk god karakter i det på ungdomsskolen :D

Malene Birkeland sa...

Det er tull at folk drive å prata sånn om nynorsk. Eg er veldig dårlig til å skrive skikkelig nynoorsk i bloggen min, på grunn av at eg skrive sånn eg snakka. Pluss at mamma skriver bokmål. Men eg kan skirve både nynorsk og bokmål, det er null problem :-) Flink du er til å skrive Annis :-D

pIngunn FM sa...

Likar ein ikkje nynorsk er ein ein noldus. Og sånn er det med den saka.

Kristine sa...

Nynorsk er da ikke no sykdom!! Synes det er et pent språk, men vanskelig gramatikk :D
Men for deg som har snakket slik og skrevet slik hele livet er det jo morsmålet ditt :)

pIngunn sa...

SV:
Jo, takk for det, altso!:-)
Haha, den kan gjerne høyres litt suspekt ut, ja!

kamilla sa...

det er faktisk sant det du seie. nynorsk er Norsk. bokmål er berre dansk som er omgjort litt på.
stå gogo til nynorsk og til helvete med "nynorsk er ein sjukdom" og "nynorsk er berre vanskleg". for alt i alt er det berre tragiske og idiotiske unnskuldningar for att dei ikkje vil forså eller lære. det er der alt ligg trur eg : )

Anonym sa...

Det kan faktisk være vanskeligere å lære nynorsk for oss som skriver bokmål til vanlig. Filmer, tv og ukeblader er som oftest tekstet på bokmål. Dere har bokmål rundt dere hele tiden, men vi hører nynorsk kun en gang i blant. Det er vel forskjellige oppfatninger når det gjelder dette her, men den eneste gangen jeg ser noen skrive nynorsk er i nynorsktimene på skolen ..

Legg inn en kommentar

SHOUT IT!