Soundtrack: Taylor Swift - You're Not Sorry
(om kjærleik, altfor mange sjansar og skuffelsar)
.
.

Alle er ganske naive når det gjeld folk ein er glad i. Ein kan alltid merke det når det går nedover. Ein får liksom litt vind i håret fordi det går fortare. Alle merkar det. Berre vil ikkje innsjå det. Alle andre kan sjå det, utanom den det gjeld. Nokon er så utruleg heldige i den situasjonen. Dei som utnyttar altså. Utnyttar situasjonen til det fulle. Det er jo det som er så fint med gode venner og folk som er glad i ein. Dei trur alltid det beste om folk. Delar alltid ut sjansar som om det var smågodt. Stiller alltid opp. Tilgir alltid. Men så ein dag plutseleg står vennen der. For seg sjølv. Motbakken blei litt for bratt. Vinden litt for sterk. Bles han over ende. Då står han der, heilt aleine. Utan ein å gi sjansar til, ein å stille opp for og ein å tilgi. Det verste er at vennen fortsatt bryr seg, og er villig til å gjere alt for ein. Sjølv om ein verkeleg ikkje er verdt å vere venn med...


7 kommentarer:
:(
:/ Er det noen du vil jeg skal denge?
Hørtes ikke særlig hyggelig ut.. Men jeg kjente meg faktisk godt igjen. Det var en bra beskrivelse!
Imponerande!
Veit, men mange seie den er bra òg, så eg får berre sjå. Har ikkje sløst så masse penga vertfall:)
Fin blogg =)
sv, duer :-) Som sagt før, eelska skrivinga di <3
gillar!
Legg inn en kommentar
SHOUT IT!