Soundtrack: Taylor Swift ft. Colbie Caillat - Breathe
(teksten er ganske fantastisk)
.

.
Det er utruleg mykje eg saknar. Ting som skjedde for eit år sidan og sånt. Ting vi gjorde. Rett og slett ting som ikkje er sånn no. Eg saknar å rette på skrivefeila dine og mobbe deg for rare ting du sa. At du lo av ting eg sa, fordi du syns det var så dumt. Eg saknar å snakke med deg til langt på natt, og vere trøtt dagen etterpå. Det gjorde jo ingenting, for eg likte jo å snakke med deg. Og at du ba med sei "r" sånn at du kunne mobbe meg for at eg hadde skarre-r. Eg saknar at du lo uansett kva eg sa, og å kunne kalle deg stygge ting, fordi du var så "stygg" med meg. Eg saknar å kunne sitte å chatte med deg til eg sovna i helgane. Eg var kjempetrøtt, men du overtalte meg alltid til å vere litt lenger oppe. Det er noko at det eg saknar mest. Å kunne fortelle deg alt. At du merka viss det var noko som var gale, eller eg var sur. Eg saknar at du alltid kunne få meg til bli glad igjen, uansett. Eg saknar til og med å krangle med deg. Ikkje fordi det var kjekt å ikkje kunne snakke med deg, for det var forferdeleg. Men fordi eg visste at vi alltid blei vennar igjen, fordi det blei vi alltid. Og det var alltid like bra å snakke med deg etterpå. Det er ting eg saknar med deg. Dei tinga som irriterte meg. Dei tinga som plaga meg. Dei tinga som eg hata at du gjorde. Det er dei tinga eg saknar mest no ...


6 kommentarer:
SV: Du skulle vore der, var kjempekos! :-)
Og å sakne nokon må vere verdas tommaste kjensle!
Bra skrevet - ble trist selv av å lese det :( Fin sang også. Håper du får ei fin jul :- )
Blei lyst og grååttt :) hehe :) du får sjekke det, men det er ikkje ferdig enda :)
God juL!!!!
sv; Åååå så koselig!!! =) ser ikkje ut som pippi eeer :( Må vertfall kose deg kjempe masse, Annis. Ønsker deg ei riiiiktig god jul og et flott nyttår!
Den første gangen jeg gråt da jeg leste en blogg, var i dag. Nå. Ikke fordi jeg ikke har lest triste innlegg, men fordi jeg kjenner meg igjen i det du skriver. Forresten, jeg elsker spillelista du la ut på bloggen din.
Tnåååw, eg trur det inlegge bør vert om meg, for det var vertfall om alle tinga vi gjore, Og eg visste ikkje at det var sånn i heile tatt, eg bare trudde at du hadde glømt meg helt.. og eg savna deg og, og alle tinga, sån som det var før!(:
Legg inn en kommentar
SHOUT IT!