18.12.2009

SCHOOL

.
.
Eg har forflytta meg frå ungdomsskulen til vidaregåande. Eg likar veldig godt å skrive, så kanskje det kjem eit par noveller og likande. Ellers bilde og sånt som vi gjer på Medium og kommunikasjon. Vi har for eksempel hatt ei oppgåve om akkurat blogging. Her blir iallefall litt ting og tang som har med skule og gjere lagt ut. Men det er ikkje alltid at teksten handlar like mykje om skule.
.
____________________

I KNOW YOU - I SAW YOU ON FACEBOOK

.
.
.

Har du nokon gong vore avhengig av noko? Nesten hatt litt tvangstankar? At du måtte trene tre gongar i veka. At du måtte drikke mjølk til frukosten. Eller at du måtte sjekke Facebook for å sjekke kva vennane dine gjorde?

Eg kan med handa på hjarte sei; been there, done that.

Eller kanskje til og med; am there, doing that. Eg veit ikkje heilt. Men det er skummelt kor vanedannande det er. Og det verste? For litt over eit år sidan, var eg ein av dei som ikkje visste korleis ein skulle oppdatere statusen eingong. Idag, derimot – har eg full kontroll over bileta, videoane og statusane til vennane mine. Eg veit kor mange poeng dei fekk då dei spelte Bejeweled Blitz, kor lenge det er til dei skal på jobb, og kor dei skal på fest i kveld. Etter eit år har eg blitt ein av dei som forbannar dei som sender Farmville-invitasjonar og seier ”Å, der er han der – eg er venn med han på Facebook. Såg du forresten det stygge bildet han var tagga i?”. No er eg ein av dei som sitte og ler av dei pinlige bileta deira dagen der på. No er eg ein av dei som høyrer Spotify-listene som dei har sendt til andre venner. No er eg ein av dei som sparkar av seg skoa og spurtar opp trappa etter skuletid, for å sjekke Facebook – for det er jo faktisk ein halvtime sidan sist eg sjekka. Det er vel kanskje sånt ein kallar avhengig. For, ja ... eg heiter Ann Helen, og eg er Facebook-addicted.

____________________

PICTURE PERFECT

Soundtrack: Avril Lavigne - Complicated







Fototur til Briksdalen. Fotoinnlevering. Skummelt. Resultatet. Endeleg helg. Gøy. Søvn. Karusellar. Herleg. Peace out!

____________________

IT'S LIKE A DÉJÀ VU. ON AND ON.

Soundtrack: Fabel - Jordbær og Grasbrann

(eg saknar sommar, og gler meg vanvittig til vinter)
.
.
Eg kan ikkje seie at eg er glad eg endeleg er ferdig med portrettet, for det har vore utruleg kjekt. Kunne godt ha fortsett lenge med det! Hadde verkeleg ikkje blitt så bra hadde det ikkje vore for Sanne. Nei, absolutt ikkje. Det er absolutt ikkje utan grunn eg kallar ho Super-Sanne!
.
Så var det plutseleg eit år sidan eg opererte halebeinet. Eit år sidan sist haustferie. Eit år sidan ei heilt forferdeleg veke som blei forfulgt av ein heilt forferdeleg vinter. Det har allereie blitt betre iår. Null operasjonar, så lagt. Det er haustferie, og eg håpar den blir mykje betre enn fjorårets.
.
EDIT:
FORRIGE INNLEGG VAR ABSOLUTT IKKJE NOKO GREIE OM AT EG HATAR VENNANE MINE. DET GJER EG ABSOLUTT IKKJE. EG HATAR ADOBE-PROGRAMMA AV OG TIL, DET VAR POENGET. BEKLAGAR VERKELEG OM FOLK MISFORSTO.

____________________

I WANT YOU TO KNOW IT DOESN'T MATTER

Soundtrack: Kelly Clarkson - Already Gone

.Eg trudde vi var vennar. Gode vennar. Sånne vennar som skulle holde ut livet. Halde ihop i tunge stunder. Le ilag. Smile ilag. Grine ilag. Eg trudde vi skulle vere sånne vennar som fortsatt var ilag etter tunge stunder. Sånne vennar som sitte ilag i fleire timar. Sånne vennar som aldri blei lei av kvarandre. Eg trudde du skulle bli glad for å sjå meg kvar dag. I det siste har du berre skuffa. Gong på gong. Du har slått meg ned, og trakka meg ned i søla. Eg har faktisk fått nok av deg på ei stund. Av og til berre irriterar du meg. Eg taklar faktisk ikkje synet av deg no. Eg har fått nok. Du kan få lov til å gå no. Eg er lei.
.
Ja, av og til ønskar eg død over Adobe-programma.

Sjekk killerblikket til Sanne! Love it.

.Heldigvis føler eg meg relativt ferdig med portrettet av Sanne no. Også er refleksjonsnotat og arkitekturoppgåva levert. Det er herleg. Eg må innrømme det at eg kosar kroppsdelar av meg på skulen. Sjølv om det har vore stress idag. Veka har gått seint, men har igrunn vore ganske gøy. Likevel gler eg meg, som den lille drittungen eg er, til haustferie...

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

SHOUT IT!