28.12.2009

YOU'RE LIKE ... STUPID

Soundtrack: Craig David - Walking Away
.
.
Du har forandra deg. Veit du det? Har du merka det sjølv? Eg trudde du kanskje merka det då eg såg på deg. Då eg òg oppførte meg annleis enn før, for å få deg til å skjønne at det var noko. Du skjønte det likevel ikkje. Som om du var blind for alt vi sa og gjorde. Alt som betydde noko var ho. Alle andre enn oss. Du såg knapt på oss. Eg kan faktisk ikkje forstå at du ikkje ser det sjølv. Du ler ikkje sånn du gjorde før. Du snakkar ikkje slik du gjorde før. Du er ikkje den du var før. Ho har forandra deg. Eg trur du eigentleg veit det. Og eg trur du eigentleg hatar det. Du berre tørr ikkje gjere noko med det. Eg anar ikkje kvifor. Det er dumt. Du er dum når du gjer sånt. Og eg veit det ikkje er deg, for du var ikkje dum før.
.
Ho er ikkje verdt det. Det burde du snart innsjå. Det er idiotisk det du held på med. Du skulle berre visst kor mange du mister når du er sånn du er mot alle andre enn ho.

4 kommentarer:

siriann sa...

Oi, Ann heleen... :/ fortell det til ho!

MALIN sa...

sv: ikkje sant :)

Johanne sa...

Eg er usikker!

Hanne matilde sa...

sv: ja det må du så absolutt! :D Tusen takk!

Legg inn en kommentar

SHOUT IT!