Soundtrack: Shontelle - Impossible
(sa nokon fantastisk? ja, eg sa det)
.
.

.
Livet er ei berg- og dalbane. Det har allereie Ronan Keating sagt. Og det er sant. Så ufattelig sant. Skummelt sant faktisk. Innimellom går det oppover. Du kjenner sommarfuglane fly i magen din. Oppover, oppover, oppover. Noko i deg tar tak i gleda og klemmer den så hardt du kan, for å nyte det sekundet. Noko anna skubbar det vekk, for å ikkje bli skuffa når det flyr avgårde. Skrekkblanda fryd. Så går det litt rundt. Litt ned. Litt opp igjen. Litt rundt. Oppover. Opp. Opp. Opp. Skrekkblanda fryd. Sommarfuglar. Glede. Bekymring. Bekymring for turen nedover igjen. Kriblingane.
.
Veit ikkje heilt kor eg er no. Heilt på toppen. Der det går rundt kanskje. Det er ikkje heilt klart. Har aldri hatt auga opne i ei berg- og dalbane før. Lukka auga. Holdt pusten. Eg er iallefall ikkje riktig vei. Eller kanskje. Veit ikkje. Noko er ikkje heilt riktig. Heilt på toppen, men det går rundt. Eg er der eg ikkje veit heilt kor eg er. Det går iallefall rundt, det veit eg. Og eg held pusten og knip auga igjen for å ikkje dette av.


3 kommentarer:
Du er så flink, du! :)
Og er det ikke bare fantastisk spennende at det er sånn? :)
så utrolig flink du er til å skrive! innleggene dine tar tak i hjernen min, virkelig :)
Legg inn en kommentar
SHOUT IT!