.
.
.jpg)
.
Har du nokon gong vore avhengig av noko? Nesten hatt litt tvangstankar? At du måtte trene tre gongar i veka. At du måtte drikke mjølk til frukosten. Eller at du måtte sjekke Facebook for å sjekke kva vennane dine gjorde?
Eg kan med handa på hjarte sei; been there, done that.
Eller kanskje til og med; am there, doing that. Eg veit ikkje heilt. Men det er skummelt kor vanedannande det er. Og det verste? For litt over eit år sidan, var eg ein av dei som ikkje visste korleis ein skulle oppdatere statusen eingong. Idag, derimot – har eg full kontroll over bileta, videoane og statusane til vennane mine. Eg veit kor mange poeng dei fekk då dei spelte Bejeweled Blitz, kor lenge det er til dei skal på jobb, og kor dei skal på fest i kveld. Etter eit år har eg blitt ein av dei som forbannar dei som sender Farmville-invitasjonar og seier ”Å, der er han der – eg er venn med han på Facebook. Såg du forresten det stygge bildet han var tagga i?”. No er eg ein av dei som sitte og ler av dei pinlige bileta deira dagen der på. No er eg ein av dei som høyrer Spotify-listene som dei har sendt til andre venner. No er eg ein av dei som sparkar av seg skoa og spurtar opp trappa etter skuletid, for å sjekke Facebook – for det er jo faktisk ein halvtime sidan sist eg sjekka. Det er vel kanskje sånt ein kallar avhengig. For, ja ... eg heiter Ann Helen, og eg er Facebook-addicted.
7 kommentarer:
Eg og er der :( Livet mitt er på cyberspace, og eg har berre cyber-vener. NEIDA. Joda..
offfff, we all are :( Det er faktisk nesten en skaM!
sv: Tusen takk! Men på bildet ser det jo kort ut, i virkeligheten klipte eg berre 3 cm eller noke ;) Det lange var bak.
Anyhow, good natt, så snakkes vi i mårra <3
sv, bra skrive til deg og søta :-) <3
sv; takk! men eg ser ikkje likheten :)
I feel you. Jeg er også FB-avhengig, skal vi ikke lage oss en gjeng eller noe?
Du har mange poeng, Ann Helen. Eg må seie at eg nesten nikkar for kvar setning eg les. Det er heilt klart skummelt kor vanedannande det er. Eg har sjølv vorte avhengig. Eg seier vell helst at eg ikkje er det, men innerst inne så er eg dessverre avhengig. Så eg skjønnar godt kva du meinar.
For, ja... eg heiter Thea, og eg er Facebook- addicted.
Legg inn en kommentar
SHOUT IT!