08.04.2010

ME WITHOUT YOU IS ...

Soundtrack: Justin Bieber - Stuck In The Moment
..
.
.
Hei. Eg veit ærlegtalt ikkje kva eg skal sei. Du veit godt at å snakke, det er ikkje mi sterkaste side. Derfor blir det bokstavar, svart på kvitt. Iallefall denne gongen. Og denne gongen skal det bli rett. Ikkje som før. Det skal bli svart på kvitt, som skal bli. Ikkje brennast, slettast eller gløymast.
.
.Eg skal vere grei og sei det. Etter mi meining, er det ikkje eg som skal sei det. Men, du betyr såpass mykje for meg, at eg er villig til å gjere det. Sånn er det alltid. Eg forstår fortsatt ingenting, men meiner du det er meg - skal eg sei det. Fordi ... for deg - skal eg gjere alt. Vi har vore gjennom litt av kvart, både latter, tårer og utallige kranglar. Eg har ikkje brukt halve livet mitt på å le med deg, vere sur på deg, og krangle med deg, for å kaste det vekk for noko sånt. Vi er ganske like, men samtidig veldig ulike. Du er tøffare enn meg. Hadde eg vore deg, hadde eg sagt dette rett til deg, men eg er ikkje det. Så det blir sånn. Begge to er ufattelig sta, og det viser no. Men denne gongen skal eg gi meg, for om du skal forsvinne frå livet mitt, skal det ikkje skje på den her måten. Ikkje tale om. Du blir. Og eg seier det, for deg ...
.
Unnskyld.
.

7 kommentarer:

Karen - ho kule sa...

:( <3

Karen - ho kule sa...

Hahah, du er herlig <3 Eg og! Skal vi sjå den? :D

MALENE BIRKELAND sa...

sv, japp! Nydeleg skrive.

MALENE BIRKELAND sa...

DUERFIN! <3

Sondre sa...

ah, skjønner følelsen.

MALENE BIRKELAND sa...

Hihi, thankyou<3

marlin sa...

Nydelig skrev Ann Helen :)

Legg inn en kommentar

SHOUT IT!