... SO I WON'T HAVE TO BURN ALONE
.
photo//priv
Korleis er det å vere heilt aleine, alltid? Av og til, skulle eg gitt alt for å kunne vere aleine. Berre eit par sekund. Av og til er eg skikkelig misunnelig. Så lurer eg på om vi kunne ha vore aleine ilag. Liksom berre vi to. Eg lurer så fælt på korleis du er. Du er aleine. Eg er aleine òg, av og til. Ikkje aleine, men likevel aleine. Forstår du? Aleine med meg sjølv kanskje. Tusen folk rundt meg, men så er eg likevel aleine. Og akkurat då trenger eg ein som forstår meg fullt ut. Det trur eg du trenger av og til òg. Tenk om vi kunne ha forstått kvarandre då. Tenk om vi kunne ha vore aleine ilag ... Då hadde vi kanskje ikkje vore så aleine lenger.
.
Soundtrack: Rihanna - Fire Bomb (spotify)


2 kommentarer:
<3
Eg kan vere aleine med deg. Då kan vi vere heilt stille, og så plutselig begynne å fnise av berre noko vi forstår. Det hadde vore fint.
Legg inn en kommentar
SHOUT IT!