Soundtrack: Alan Jackson - Tall, tall trees
Karoline sa eg måtte tilføye to songar til glasong/sumarsong-lista;
Bryan Adams - Summer of '69
Aqua - Dr. Jones
Anyway/anyhow/anyroads, whatever you like;
Eg (les; mamma) investerte til og med i ein bøtte-grill idag. Det i og med at den elektriske grillen vår (oh yes, we're living in year 2009) var øydelagd, og vi trengde ny. Ikkje nok med det; eg var til og med tenkt å grille til finingane sjøl kjem imårå (sorry to dissapoint - det står chicken på menyen).
Det var forresten steikje heitt i Førde. Eg sat der utanfor Biltema i vår Toyota Hiace (not High-Ass, no), i min nerde-gensar/golf-gensar, og svetta at meg eit par kilo, fordi eg hadde mistolka morgonregndropane litt. Då vi hadde tatt hjula med på tur bort til Plantasjen, heldt eg ikkje ut lenger. Eg måtte skifte. Då sto I heart London - tskjorta for tur. Ah, ja - sumaren er herleg. No har vi rulla opp på campingen igjen. Eg forstår ikkje heilt kvifor, for eg skal rulle nedattover/heimattover imårågrytidleg saman med mine kjære sysjenborn, eit av dei er Karen.
Eg saknar London, men eg har det fint no. Eg elskar London, og eg elskar sumar.Imorgonkveld kjem (i tillegg til mitt nemde kjære sysjenborn) Tomine og Sara på besøk. Då blir det flott, kan du tru. Då er alle fire finingane samla på ein plass. Det er noko alle bør oppleve eingong i løpet av livet, syns eg. Lucky ones!

Tenk forresten kor heldige vi er då, for vere med fire finingar ofte!
I've got something for you. Enjoy yourself, aye?


3 kommentarer:
SV: ditta lova godt :DD
bryan adams - summer of '69 <3
Tusen takk, Ann Helen! :)
Løvin dætt blågg åff jårs.
Legg inn en kommentar
SHOUT IT!