15.08.2009

RE-RE-REPEAT THAT, PLEASE - PLEASE.

Etter Topp20-konserten, har eg blitt endå meir glad i Erik og Kriss. For å sitere Karen; Eg likar ikkje dei fordi han eine er søt og han andre ser bra ut - eg likar musikken. Viss alt hadde blitt som eg ville, alltid, hadde eg stått ilag med Erik og Kriss i Ålesund no, etter ein lang shoppingtur på Moa og ein luksusfrukost på hotell. Den gang ei. Viss alt hadde blitt som eg ville, alltid, kunne eg ha vore på to stader samtidig, i Bergen (utanom Ålesund), klar for Alan Jackson - konsert. Den gang ei. Eg sitte fortsatt heime. Unormalt store og mange regndropar knuser mot bakken, sånn at steinar flyttar seg og asfalten liknar meir Nilen i regntida.
Hurra for global oppvarming, dokke! Utruleg kor fort eg klarar å skifte tema frå musikk til miljøproblem...


Ganske forskjellige, ganske utan om det vanlege, ganske catchy songar har eg fått hekta på i det siste. Det her er jo òg dialekt på sitt beste, vil eg sei. Og meget meiningsfulle tekstar. Dei får iallefall sommarsteminga til å luske rundt i kroppen, sjølv om snøen legge seg i fjella rundt om i landet (og sjølv om eg lengtar etter vinter!).

Matti Røssland - Lyseblå Hagestolar
Fabel - Jordbær og Grasbrann
Karpe Diem - Regnvær

6 kommentarer:

Ingunn FM sa...

Solbriller På er heilt awesome sommarsong! :-D

Ingeborg sa...

Morsomt innlegg ! Må innrømme jeg gleder meg til vinteren selv:)

Silje sa...

SV: ja, veldig mange som e ekstremt dårlige, så e veldig fornøgd :)

Annelin sa...

Whaaaaat, dåkke har vel årbok? Skal sikkert ta :) Viss dåkke er heldige, så får dåkke ta seinare! Men vetsj.. Vi tok no fordi dei skal ha bilder i skulesystemet og. Blææ :) Hahaha, ja, du har so rett!

Karen sa...

Fekk ikkje heilt med meg ka vi lærte om xD

Marianne sa...

Hehe. Morsomt innlegg! =) Mange bra saneger også;)

Legg inn en kommentar

SHOUT IT!