10.08.2009

SMILE LIKE YOU MEAN IT

Soundtrack: The Fray - Heartless (Kanye West Cover)
(forguda sangen frå før, nesten like bra som Kanye West sin versjon)

Photo: marilia @ photobucket

Eg smilte då eg snubla rett framfor deg, på vei inn på sjukehuset. Eg smilte då vi var ferdige å henge opp hyller på rommet mitt, sjølv om eg var dødsens trøtt. Eg smilte når eg skjønte at til og med ein mekanikargjeng klarer å halde liv i planter. Eg smilte då eg såg at du sykla på gangfeltet, og ikkje på veien. Eg smilte då eg og pappa reise på Biltema berre for å kjøpe lampe til rommet mitt. Eg smilte når eg såg deg stå med ei altfor trang t-skjorte og feil hårfarge og mekke bil på ein offentleg parkeringplass. Eg smilte då eg sat ved sida av pappa på bilen heim og høyrde på radio. Eg smilte for første gong ved tanken på å begynne på ny skule. Eg smilte etter to timar med plenslåing, sjølv om eg var sliten, fordi pappa vart så glad. Eg smilte då eg kasta i meg ei banan og tok på meg joggeskoa og sprang. Eg smilte fordi eg var så flau, då eg møtte deg, knallraud i trynet, etter joggeturen.

Eg smiler no, fordi eg er så glad.

Eg håpar du smilte, då eg smilte til deg. Eg håpar du smilte, fordi eg såg ut som eit lykketroll. Eg håpar du smiler no, og tenkjer "Å, ho er fortjenar ein liten, søt kommentar!".

13 kommentarer:

Annelin sa...

Det fortjener ho absolutt! Fantastisk innlegg, eg smilte heile vegen gjennom :) du er innmari søt!

Karen sa...

Picasa, dear one, picasa! :-D

condre sa...

den sangen er så utrolig digg!

Camilla Didriksen sa...

For et fint innlegg!!! :)

ingeborg albert sa...

kjempe fint innlegg!! :)

Silje sa...

SV: haha, ja veit! veldig masse folk der og, men tida går jo så fort sidan det e så masse fint :)

Ingunn FM sa...

SV: Tusen takk for det! Slikt varmar! :-D

Og for eit kosleg innlegg, eg smilte gjennom heile seansen! Nydeleg. :-)

Karen sa...

Ja, var fint. Stova og kjøkkenet vertfall. Men rommet blir sikkert litt bedre når eg får inn senga og hyller sånn at eg kan ta inn resten av sakene mine :) Åhneeidu, ingen ny veske her igården. Den der er nok Mamma si. Rart du ikkje har sett den. Ho har jo den med seg over alt :o
Fuck, you busted me.

Karen sa...

Og; EG SAKNAR DEG OG <3

Johanne sa...

Her :)
http://www.choppers.no/shop/wayfarer-solbriller/blues-brothers-clear-black-wayfarer-blanke-glass/prod_2151.html

Johanne sa...

Jepp, det var det!

Karen sa...

DU gleda deg til EG får mac'n, ja :-D Snakk om å vere glad på andre sine bekostningar, HAHA.
Det blir jo sikkert kjekt å bu i Førde då :)

Silje sa...

SV: Åh, so kjedli! skjønna at du angra :p men har sett den på mangen butikka enno :)

Legg inn en kommentar

SHOUT IT!