Soundtrack: Rise Against - Hero Of War
(den er eigentleg så fin at eg ikkje vil dele den med nokon, men)
.
Eg har tenkt på ein ting. Eller, eg har igrunn ikkje tenkt så mykje på det på førehand. Men eg har jo tenkt på det uansett. Berre sånne ting som ein plutseleg merkar at ein tenke på liksom. Utan at ein veit heilt kvifor.
.
Av og til lurer er på kvifor eg kjenner så få, og nokon eg kjenner har så mange venner i forhold til meg. Så tenkjer eg det at eg kanskje har betre venner enn dei, og at dei kanskje ikkje kjenner alle sammen like godt. At dei vennane eg har er akkurat gode nok for meg, og passar akkurat til meg. Sånn som skoa som passar berre til meg, og gjer meg glad, for då kan ikkje søstrene mine låne dei. Sånne venner tenkjer eg at eg har. Og så tenkjer eg at mange av vennene til nokon eg kjenner, dei er berre sånne fleirbrukssko. Sånne der vi hadde når vi var små. Litt sånn som rulleskøytene alle søskena skulle bruke. Mens eg har litt sånne magiske gymsko. Spesielle sko.
.
Også kjem eg på litt rare ting med folk. Sånne rare ting eg hugsar med folk eg eigentleg ikkje kjenner. Sånn som bestevennen til ein venn av meg. Eg kjenner han jo eigentleg ikkje. Det einaste eg knyter til han, er tidlege msn-samtalar og sovesveis. Og ein anna eg kjenner, han veit eg ikkje kven er, men eg forbinder han med badebasseng. Også er det ei, som eg ikkje likte før, og når eg tenkjer på ho, tenkjer eg på heksenaser. Det er litt rart. At ein kan ha eit forhold til nokon og knyte ting til nokon endå ein ikkje har noko med dei å gjere.
.
Berre noko eg tenkte på altså...


6 kommentarer:
Herregud du er flink til å utrykke deg, men eg håper ikkje eg er heksnasa, men at eg kan bli ein magisk gymsko :D
Sv: Overraskande nokk så datt eg ikkje over nokre tredemøller!
DU er magisk! Du inspirerer og motiverer meg så enormt, seriøst. Du er vanvittig dyktig! :-)
Det er bedre med noen veldig gode venner, enn mange du nesten ikke kjenner!
Tjaa, eg veit ikkje, det er liksom ikkje heilt meg! Men kan godt hende eg gjer det, det var litt kjekt å drive med :-) Følte meg VELDIG (!!!) jålete, noko eg i hovudsak ikkje er.
Jammen jenta, den er ikkje ferdig endå!
Brukte den ein del før eg formaterte pc'en, men no svergar eg til Firefox igjen :-)
Legg inn en kommentar
SHOUT IT!