23.03.2010

CAN I HAVE MY IDENTITY BACK?

Soundtrack: Owl City - Vanilla Twilight (spotify)
.
.
Hadde ikkje du blitt passelig skremt viss du måtte nokon som har heilt lik deg? Heilt identisk. Ikkje ein einaste forskjell. Viss dokke var heilt like på alle mulige måtar. Hadde ikkje du blitt ganske skremt då?
.
Veldig mange opplever at folk "stjel" identiteten deira. For alt du veit, kan det hende ein du er venn med på Facebook eller Nettby, har kopiert alle bilda dine og alle opplysningane du har lagt ut av deg sjølv, og laga ein ny profil. Ikkje nødvendigvis med same navn, men kanskje eit heilt anna, men med dine bilder og dine personlege opplysningar. Veldig mange, spesielt kjende personar, opplever ofte å finne falske profilar, f.eks. Tone Damli Aaberg eller Emilie "Voe" Nereng.
.
Etterkvart som eg har blitt eldre (og litt meir fornuftig), har eg skjønt kva folk pratar om når dei seier "nettvett" og sånt. Eg har blitt veldig forsiktig på kva eg legger ut om meg sjølv, og spesielt når det gjelder bilder. Ikkje berre av meg sjølv, men også av venner. Eg har vel eigentleg berre blitt skikkelig skremt av kor mykje ein kan finne ut om ein person gjennom nettet, og prøver derfor å tenke så mykje som mogeleg over kva eg publiserar. Eg har funne ut at det er lurt å vere mest mogeleg anonym, iallefall i begynnelsen. Mange ein trur er til å stole på, kan spele eit spel. Og slike spel vil ein ikkje rote seg borti. Det er utruleg lett å ta på seg ei maske, og det er vanvittig vanskeleg å avsløre den maska ...
.
Det siste skuleinnlegget. Og bloggen ser fortsatt forferdeleg ut i Google Chrome og Safari altså. Hjelp?

9 kommentarer:

Ole sa...

Synst det er bra at folk tar førehandsreglar når det kjem til å publisere seg sjølv på internett og det du nemner i bloggen er for meg totalt fremmad, men likevel frykteleg skummelt å tenkje på... Eg kan ikkje sjå for meg kva interesse folk har av å stjele identiteten til andre med mindre personen er veldig kjent eller det er nokon som vil drite ut nemnte person. Heile konseptet verkar ganske tåpeleg for meg, men det er absolutt ei alvorleg sak, det med identitetstjuveri og er heilt klart verdt å ta opp til debatt. God blogg!

Siri-Ann sa...

Eg syns det er fryktelig skummelt og ekkelt at folk kan gjere slikt. Eg blir nesten litt redd, når eg tenkjer over alt EG har lagt mykje ut sjølv, på både Facebook og bloggen min. Og eg prøver kanskje å fortrenge det, men eg ER faktisk redd for at noko kan skje ein dag, anten det er ein stor eller liten ting. Sjølv føler eg kanskje eg har blitt betre til å passe på kva eg legg ut, i alle fall kven som kan sjå det, men tenk på alt eg la ut når eg var 12 år og uviss? Alt små ungar legg ut... Det er skummelt det, og eg trur kanskje vi (spesielt ungdommar) tar detta litt for gitt og legg ut alt mogleg.

At folk lagar falske profilar og falske identitetar med å bruke kjende personar /andre personar sitt fjes, syns eg er heilt forkastelig og umenneskelig. Eg skjønar eigentleg ikkje poenget heller. Det syns eg er ei sak som er alt for lite tatt opp i forhald til kor ofte og kor mange tilfeller det er..

Godt skrive! Du skriv på ein spennande og flott måte.

Anonym sa...

Eg har aldri opplevd og få identiteten min stjåle og eg kjenner heller ingen som har opplevd det, men det er utrulig skremmande kor fort det eigentlig kan skje. Spesielt viss du er populær som, Tone Damli Aaberg og Emilie ''Voe'' Nereng. Og det er jo som oftast ganske vanskelig og finne ut kven som har gjort det, spesielt viss det er ein heile ''vanleg'' person som opplev det. Men folk burde heilt klart vere forsiktig med kva dei publiserar på nett.

Helga sa...

Slik er det med meg og, eg legg sjeldent ut bilder av meg sjølv. Eg får nok bilder av meg sjølv på facebook uansett, hehe.

Det at det er folk som kopierar bilde av andre folk frå nettet for å bruke dei syns eg er ein veldig ekkel tanke. Og eg blir nesten litt skremt av å tenke på det.

Hilde sa...

Helt enig, man må passe på litt. Har aldri forstått vitsen eller moroa med at folk stjeler bilder av andre og utgir seg for å være dem, men ja... mange som gjør det dessverre.

Laila sa...

synes folk som kopierer identiteten til andre er fryktelig patetisk jeg.

Sanne Slåtten sa...

Eg kan legge ut bilder av meg sjølv, men det er vell mest i sammenheng med at eg vil ha eit nytt profil bilete på facebook. Ellers så er eg veldig slapp på å legge ut bileter. Men eg er ikkje noko særleg redd for at noko skal skje med bileta.
Eg trur at det ikkje er så farleg på nettet som folk hadde det til før. Eg trur nettet er blitt mindre og mindre farleg med åra.

Malene Bruland sa...

Du er kjempe flink til å skrive! Du skriver på ein veldig intrisan måte, og eg lika å lese det du skriv :)

Sara sa...

du er så flink å skrive, vennen! likte døme ditt, hehe :D

Legg inn en kommentar

SHOUT IT!