21.03.2010

CONVERGENCE

Soundtrack: Iyaz - Bulletproof
.
.
Konvergens betyr samling, sammenfall som antonym til divergens (spredning). Konvergens er at ting smeltar saman, blir blanda på ein måte. Sånn som når du blandar isbergsalat, mais, ananas og paprika i ein salat. Då eg fekk mobil, var det berre isbergsalat - kjedeleg, i forhold til no. Då eg fekk mobil, var det av murstein-typen. Sånn uten fargesjerm, uten kamera, uten radio og GPS. Det var ein telefon. Ikkje noko supermediagreie. Eg kunne ringe og sende meldingar. Langt meir avansert var det ikkje. Jo - eg kunne spele Snake.
.
No, ca ... kanskje 10 år seinare, sit eg med omtrent heile livet mitt i handa. Eg har meldingar eg har lagra, fordi dei er så fine. Over femhundre bilder som eg ser gjennom av og til, fordi dei får meg til å smile. Og favorittsangane mine, i tilfelle iPoden skulle streike. Til og med viss eg skulle få ekstrem Facebook-trang, har eg tilgang til det. 
.
No har det allereie har gått frå ein kjedelig murstein, til ein salat i alle regnbogens fargar. Med både isbergsalat, mais, ananas og paprika - og endå meir til. Eg berre tenker; kva meir kan ein ha i ein salat? Kva meir kan ein tilsette før det blir for mykje? Mobilen er jo blitt ein superting. Det er jo ikkje lenger ein mobil, men kamera, data, MP3-spelar, kalkulator - alt. Kor mykje kan ein mobil vere, før det går frå å vere ein mobil til å vere ein .. eit eller anna? Når går det frå å vere smart til å vere vanskeleg og altfor avansert? Kva skal til for at mobilen sluttar å vere ein mobil, og startar å vere ei slags datamaskin av eit slag?
.
.
Det er her var skuleinnlegg nummer to av tre. Og forresten, bloggen min ser heilt dum ut i Google Chrome og i Safari... 
Kan nokon hjelpe meg med det? 

4 kommentarer:

Sondre sa...

Jeg har google chrome, stusset egentlig litt over designet, hahaha.

@ Tusen tusen tusen tusen takk! Snilla!

MALENE BIRKELAND sa...

Du skriv på ein flott og engasjerande måte! Og du forklarer ting veldig kreativt. Men, ja, ting har forandra seg det siste tiåret. Mykje! Sjølv om du ikkje nemnte dei andre mediuma og eventuelt bedriftene som også har denne samansmeltinga(konvergens) så likte eg at du forenkla teksten og fokuserte på ein ting. Superbra :-) :-)

Caroline sa...

Hehe, ja eg huska snake. det var det kjekkaste med heile mobilen eg hadde for 10 år sidan.
No er ting heilt annleis, ein mobil har så mykje meir å by på, musikk, meldingar, bilete, film, radio og internett, å eg elska da:) tenk at ein så liten dingeseboms kan vere så lett tilgjengeleg :)

Sanne Slåtten sa...

Likar veldig godt den samanlikninga di.
Eg vil nok sei at mobilen har allereie blitt ein slags pitteliten bærbar data. Berre den ikkje mister mobilenheten.
Detta er veldig spennande :)

Legg inn en kommentar

SHOUT IT!